Heimplassar: Ålesund

Forfattarane Caroline Kaspara Palonen og Bjørn Vatne besøker kvarandres heimplassar for å snakke saman om korleis staden pregar litteraturen – og forfattargjerninga – deira.

Heimplassar: Ålesund

Forfattarane Caroline Kaspara Palonen og Bjørn Vatne besøker kvarandres heimplassar for å snakke saman om korleis staden pregar litteraturen – og forfattargjerninga – deira.

Caroline Kaspara Palonen har vakse opp og bur i Harstad. Ho har gått på Forfattarstudiet i Tromsø og har i tillegg kunstutdanning med spesialisering i fotografi. Ho har sidan debuten med romanen Xeroxdager (2011) gitt ut romanane Du er meg for søvnig (2013) og Det er mitt hav (2015). I 2016 kom den første diktsamlinga hennar, Øy,øy.

Bjørn Vatne er forfattar og frilansjournalist. Han har gått Forfattarstudiet i Tromsø og debuterte i Norske Granta i 2014. Romanen Slik skal vi velge våre ofre kom i 2015.

Begge har, på kvart sitt vis, undersøkt ulike måtar å stå utanfor på, ulike måtar å ikkje passe inn i dei etablerte samfunnsstrukturane. Er det tilfeldig at dei begge også bur utanfor det litterære sentrum i Noreg?

Heimplassar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum, Harstad bibliotek og Ålesund bibliotek. Prosjektet er støtta av Fritt Ord.

Gratis inngang.

     

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa