Dei Litterære Festspela - Litterærmusikalsk festkveld

Nærbilete av Festspeldiktaren, Øyvind Rimereid i samtale med Siri Økland. Xploding plastiX framfører Solaris korrigert saman med Festspeldiktaren.

Dei Litterære Festspela - Litterærmusikalsk festkveld

Nærbilete av Festspeldiktaren, Øyvind Rimereid i samtale med Siri Økland.
Xploding plastiX framfører Solaris korrigert saman med Festspeldiktaren.
xploding plastix er eit norsk tomannsband som spelar elektronisk musikk. Jens Petter Nilsen og Hallvard Wennersberg Hagen gav ut sin første demotape i 2000, sin første LP i 2001 og dei fekk sin første spellemannspris i 2003, i klassen elektronika. xploding plastix har gitt ut fleire LPar og EPar, dei har skrive musikk til tv-seriar og filmar, og samarbeidd med det amerikanske bandet Kronos Quartet. I 2011 laga dei musikk til Øyvind Rimbereids prisløna dikt «Solaris Korrigert», og på Dei Litterære Festspela framfører dei dette saman med trommeslagar Erland Dahlen, gitarist BC Dreyer og forfattaren sjølv.

Billetter kr 130/100 (student/honnør)

Billettsal hjå Norli Galleriet, tlf: 97478241 eller e-post: galleriet@norli.no

Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Dei Litterære Festspela er støtta av:

logo norli
Gyldendal_logo
scandic
bergen kommune

fritt ord

Lørdag 23. mai, Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa