Forfattarane kjem!
Dei har med seg liv og død og hav.
Dei store kjenslene. Dei store spørsmåla.
Forfattarane kjem med denne enorme spegelen som er litteraturen.
MÅNDAG 28. SEPTEMBER
OG TYSDAG 30. SEPTEMBER
Skrivekurs i poesi med Lars Amund Vaage.
Ønskjer du inspirasjon til å skrive sjølv?
Norsk Forfattersentrum Vestlandets kontorlokale, 4. etg. Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7
18.00 – 22.00 kurset går over to kvelder.
Pris: kr 1700, – BT-kort kr 1500,-
Påmelding: www.forfattersentrum.no
ONSDAG 30. SEPTEMBER
kl 11.00 – Litteraturhuset
Seminar – Vi presenterer årets barne- og ungdomsbøker for lærarar og bibliotekarar.
Møt A. Audhild Solberg, Atle Hansen, Bjørn Sortland, Tor Arve Røssland, Thor Soltvedt, Anna R. Folkestad. Liv Gulbrandsen om «Leser søker bok» sine prosjekt og tilrettelagd litteratur.
Jørn Lier Horst om krim for barn.
Gratis inngang.
Påmelding: www.forfattersentrum.no
I samarbeid med Fagavdeling barnehage og skole, Bergen kommune
kl 19.00 – Litteraturhuset
Å debutere med roman
Om litteraturen var ein kampsport, ville romanen vere ein tungvektar. Korleis opplever forfattaren å debutere i denne prestisjefylte sjangeren? Samtale med Synnøve Macody Lund, Kjersti Rorgemoen og Anne Helene Guddal.
kr 80/50 (stud.) Du kan bestille billettar på www.litthusbergen.no
Arrangør: Litteraturhuset i Bergen
TORSDAG 1. OKTOBER
kl 18.00 – Litteraturhuset
Sakprosa for barn i endring?
Er fakta berre noko som er hardt? Er det skjønnlitterære språket berre for skjønnlitteraturen? Vi ser stadig fleire eksempel på sjangeroverskridande verksemd i sakprosa for barn. I panelet: Kristin Ørjasæter (direktør i Norsk barnebokinstitutt), Steffen Sørum (redaktør i Cappelen Damm), Inger Lise Belsvik (forfattar og illustratør), Hilde Hagerup (forfattar). Debattleiar: Guri Fjeldberg.
Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med Foreningen God Kritikk og IBBY
Gratis inngang.
kl 19.00 – Logen bar
Forfattersamtale
Frode Grytten i samtale med Olaug Nilssen om boken og teaterstykket Sånne som oss.
Gratis inngang.
kl 19.00 – Litteraturhuset
Blikk på bøker
Etter modell frå Litteraturhusets Kritisk kvartett, har vi sett saman eit panel av kritikarar og litteraturforskarar som vil diskutere og vurdere fire sakprosabøker for barn. I panelet: Ola Hegdal (kritikar), Hilde Kramer (professor i illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen),
Eivind Myklebust (kritikar), Ingvild Bræin (redaktør i arnebokkritikk).
Arrangør: Litteraturhuset i samarbeid med Foreningen God Kritikk og IBBY
Gratis inngang.
kl 20.00 – Norli, Galleriet
Debutantkveld
Arne Henning Årskaug, Veronika Erstad, Ingebjørg Berg Holm, Lise-Marte Vikse Kallåk, Grethe Fatima Syéd, Paal Elstad, Kristin Helgeland og Solveig Tjeltveit les frå sine debutbøker.
Konferansier Chris Tvedt.
Gratis inngang.
FREDAG 2. OKTOBER
kl. 18.00 – Litteraturhuset
Språk og kjønn
Kristin Fridtun gir i haust ut ei bok om kjønn og identitet. Ho møter Linda Eide og Gunnstein Akselberg til samtale om korleis kjønn manifesterer seg i språk.
kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)
kl. 19.00 – Litteraturhuset
Prosakveld
Møt Erlend Loe, aktuell med Slutten på verden slik vi kjenner den, som er eit framhald av romanen Doppler frå 2004. Opplesingar ved Odd W. Surén, Arild Dahl, Sivert N. Nesbø, Jørgen Jæger, Kristian S. Hæggernes og Erlend Kaasa.
kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)
kl. 20.00 – Bergen Off. Bibliotek
Skrivekunstakademiet feirar 30-årsjubileum med lansering av antologien «Svolt».
Opplesingar, panelsamtale, musikk. Med Cecilie Løveid, Øyvind Rimbereid, Gunnhild Øyehaug, Kjersti Rorgemoen, Pedro Carmona-Alvarez, Tormod Haugland, Cesilie Holck, Anna Kleiva, Morten Langeland m. fl.
Gratis inngang, servering og mingling.
Arrangør: Skrivekunstakademiet
kl. 21.00 – Litteraturhuset
Fredags-P.I.L.S
P.I.L.S.-show med Bård Ose og Finn Tokvam. Det populære tospannet frå P1 har gitt ut bok, denne kvelden blir det musikk, historier frå boka og overraskingar.
kr 150/120 (stud./honnør/BT-kort)
LAURDAG 3. OKTOBER
kl. 12.00 – Litteraturhuset
Litteraturhusets Lillelørdag får besøk av Anna R. Folkestad og Grete Belinda S. Barton som les og fortel frå eigne bøker.
Gratis inngang.
kl. 14.00 – Boksalongen, Litteraturhuset
Forfattersamtale
Tom Rasmussen har skrive portrettbok om Thorstein Selvik, ein fargerik personlegdom med meiningar om mangt. Boka heiter Ikke avbryt meg er du snill.
Tom Rasmussen og Thorstein Selvik presenterer boka.
Gratis inngang.
kl. 16.00 – Litteraturhuset
700-årsflommen – samtale om klima og miljø
Espen Stueland er ein kjend og anerkjend essayist og miljøforkjempar, han har mellom anna engasjert seg i «Forfatternes klimaaksjon». No har han skrive om klima i essaysamlinga 700-årsflommen, og møter Sandra Lillebø til samtale.
kr 70/50 (stud./honnør/BT-kort)
kl. 18.00 – Litteraturhuset
Kritisk kritikk – tolar kritikarane kritikk?
Panelsamtale om litteraturkritikk. Tomas Espedal gjekk hardt ut mot tidsskriftet Vinduet då Preben Jordal gav ut si første utgåve som redaktør. Det blei rabalder!
Toler kritikarane kritikk? Kan forfattarar svare på bokmeldingar? Kva er god kritikk, sett frå ein forfattars synsvinkel? Vi inviterer Marit Eikemo, Tomas Espedal og Chris Tvedt til samtale om kritikk og
til å ta for seg ein kritikars verk på same måte som «Kritisk Kvartett» i Bergen samtaler om aktuelle bøker ein gong i månaden.
kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)
kl. 20.00 Litteraturhuset
Prosa og Poesi
Opplesingar ved Truls Horvei med gitarist Inge Rypdal, Geir Olav Jørgensen, Pedro Carmona-Alvarez, Tormod Haugland, Marit Eikemo, Hilde Kvalvaag og Einar Økland.
kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)
Billettsal hos Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41 fram til 1 time før arrangementet. Du kan også kjøpe billetter i døra. Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.
Alle forfattarane på Forfattersleppet 2015
Gunnstein Akselberg

Foto: Samlaget
Professor ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved UiB. Han er også kjend frå Litteraturhusets arrangementsserie «Ut med språket.»
Språk og kjønn
Grete Belinda S. Barton

Foto: Norsk Forfattersentrum
Debuterte med barneboka Den magiske steinen på Bien forlag, og kjem i år med den vanskelege andreboka Hannah og enhjørningen.
Lillelørdag på Litteraturhuset
Pedro Carmona-Alvarez

Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Musiker, forfattar og lærar på Skrivekunstakademiet. I år er han aktuell med både ei gjendikting av P.J Harveys diktsamling Den opne handa og si eiga diktsamling Samtaler med onkel Nico og tante Viola.
Prosa- og poesikveld og Skrivekunstakademiet feirar 30-årsjubileum
Arild Dahl

Foto: Privat
Forfattar og tidlegare leiar av Skrivekunstakademiet i Hordaland. Etter mange års tausheit gir Dahl i år ut romanen Berøringsangst.
Prosakveld
Linda Eide

Foto: Kristian Helgeland Hauge
Populær programleiar og journalist i NRK. Ho er mest kjend for tv-serien «Norsk attraksjon», og har vore fast inventar på Litteraturhuset i serien «Ut med språket».
Språk og kjønn
Marit Eikemo

Foto: Agnete Brun
Forfattar, forlagsredaktør, journalist og tidlegare festivalsjef på litteratursymposiet i Odda. Ho har gitt ut fleire romanar og er i år aktuell med Alt inkludert.
Prosa- og poesikveld og Kritisk kritikk
Paal Maage Elstad
er ein ung poet frå Odda. Han bur i Bergen og studerer litteraturvitskap. Han har tidlegare gått på Skrivekunstakademiet og debuterer i år med diktsamlinga Kun en liten del av universet
Debutantkveld
Veronica Erstad

Foto: Anne Andersen
Kjem frå Rosandal i Kvinherad og debuterer i år med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan kome.
Debutantkveld
Tomas Espedal

Foto: Helge Skodvin
Prisløna, kjend og populær forfattar av ei rekke ulike bøker. Hans siste utgjeving var Mitt privatliv frå 2014.
Kritisk kritikk – tolar kritikarane kritikk?
Anna R. Folkestad

Foto: Bodil Haga
Forfattar og illustratør. Ho debuterte med barneboka Henrik And i 2011, og har skrive tre bøker om Unni og Gunni. Årets bok er Besta og Bo – Tanntrøbbel.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer og Lillelørdag på Litteraturhuset
Kristin Fridtun

Foto: Silje Krager
Sakprosaforfattar, frilansskribent og populær føredragshaldar. Ho har gitt ut fleire bøker med språklege emne og skriv fast i vekeavisa Dag og tid. I år er Fridtun aktuell med boka Kjønn og ukjønn.
Språk og kjønn
Frode Grytten

Foto: Paal Audestad
er ein av Norges mest populære forfattarar, det store gjennombrotet hans kom med romanen Bikubesong i 1998. Bikubesong har vore dramatisert og vist ved fleire norske scener, men Sånne som oss blir likevel sett på som Gryttens dramatikerdebut.
Forfattarsamtale
Anne Helene Guddal

Foto: Mathias Danbolt
Brakdebuterte med den kritikerhylla og mykje leste diktsamlinga Også det uforsonlige finnes i 2014. I år kjem hennar første roman, Bebo.
Å debutere med roman
Liv Gulbrandsen

Foto: Kristin Aafløy Opdan
Dagleg leiar i Leser søker bok. Foreininga gir ut bøker tilpassa menneske med ulike leseevne. Ho skal snakke om tilrettelagd litteratur.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Atle Hansen

Foto: Marte Belsvik Hansen/Samlaget
Atle Hansen er ikkje berre forfattar, han er også journalist og musiker. I år er han ute med den lettleste spenningsboka Svartedalen.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Tormod Haugland

Foto: Finn Ståle Felberg
Forfattar og mangeårig leiar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hauglands siste roman heiter Mørk materie.
Litteraturmusikalsk kveld med opplesingar og Skrivekunstakademiet feirar 30-årsjubileum
Ingebjørg Berg Holm

Foto: Schibsted
Debuterer med krimromanen Stjerne over, mørke under. Ho er utdanna interiørarkitekt og bur i Bergen.
Debutantkveld
Jørn Lier Horst

Foto: Jesper Magerøy
Tidlegare politimann som no skriv kriminalromanar på heiltid. Han skal halde føredrag om krim for barn og unge med utgangspunkt i CLUE-serien og serien om Detektivbyrå nr.2.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Truls Horvei

Foto: Kari Stautland
Journalist og poet som dei siste åra har gjort seg kjend med haiku-dikting og cd-utgjevingar med tonsette dikt.
Prosa- og poesikveld
Kristian Hæggernes

Foto Eva Lene Gilje Østensen
I tillegg til å gje ut bøker i ulike sjangrar, har han drive litterær undergrunnsverksemd med fanziner og heimesnekra publikasjonar i ei årrekke. I år er han aktuell med romanen Fettere og kusiner.
Prosakveld
Jørgen Jæger

Foto: Werner Juvik
Debuterte som krimforfattar i 2003, og har gitt ut fleire bøker om lensmann Ole Vik og staben hans. Årets utgjeving heiter Monster.
Prosakveld
Geir Olav Jørgensen

Foto: Cappelen Damm
Kjem i år til Forfattersleppet med romanen Marathon Berlin, som er hans femte roman. Jørgensen kjem frå Husnes, men har reist rundt i verda i mange år. Litteraturmusikalsk kveld med opplesingar
Erlend Kaasa

Foto: Elin Vestrheim
Kjem frå Vinje i Telemark og debuterte i 2009 med Thunder road. Årets roman heiter Livius, og blir av forlaget omtalt som ein roman om idealisme og desillusjon. Romanen har fått svært gode omtaler. Prosakveld
Lise-Marte Vikse Kallåk

Foto: Guro Waksvik
Bur og arbeider som frilansjournalist i Haugesund. Ho har jobba som kunstpedagog og formidlar og har laga dikt til to utstillingar. Månen landa i natt er hennes debut. Debutantkveld
Hilde Kvalvaag

Foto: Samlaget
Debuterte i 2003 med ungdomsromanen Hjarteklapp, og har sidan skrive fleire bøker for ungdom og vaksne. For ungdomsromanen Fengsla fekk ho Brageprisen i 2010. Årets roman heiter Lev vel, alle.
Prosa og poesikveld
Erlend Loe

Foto: Fredrik Arff
Ein kjend, prisløna og mykje omsett forfattar. Erlend Loe jobbar i fleire ulike sjangrar, og var mellom anna ein av manusforfattarane til tv-serien Kampen for tilværelsen. Årets roman heiter Slutten på verden slik vi kjenner den, og er eit framhald på Doppler frå 2004.
Prosakveld
Synnøve Macody Lund

Foto: Carl Christian Raabe
Skodespelar, filmmeldar og skribent debuterer med romanen Personar du kanskje kjenner.
Å debutere med roman
Sivert N. Nesbø

Foto: Magne Sandnes
Debuterte i 2013 med romanen Skårgangar, og kjem i år til Forfattersleppet med Som eit barn.
Prosakveld
Olaug Nilssen

Foto: Nina Ruud
er forfattar, skribent og dramatiker. Ho jobbar for tida som forfattarkonsulent i Norsk Forfattersentrum, og skal vere husdramatiker på Den Nationale Scene frå 2016.
Forfattarsamtale
Tom Rasmussen

Foto: Privat
Debuterte i 2008 med romanen KleenDeal, og har sidan gitt ut fleire bøker. I år er han aktuell med ei samtalebok med Thorstein Selvik, med den talande tittelen Ikke avbryt meg er du snill.
Forfattarsamtale
Kjersti Rorgemoen

Foto: Helge Hansen
Den første boka til Rorgemoen heitte Purkene snudde seg. Årets roman er etterlengta for hennar fanklubb, den heiter Håpet og festen.
Å debutere med roman og Skrivekunstakademiet feirar 30-årsjubileum
Tor Arve Røssland

Foto: Samlaget
Haustens bok er ein grøssar som får lesaren til å fryse på ryggen. Boka heiter Glimt. Tidlegare har Røssland levert fleire seriar for barn og unge, mellom anna den skumle serien om Svarte-Mathilda. S
eminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
A. Audhild Solberg

Foto: AKAM1K3
Forfattaren bak kjempesuksessen Kampen mot superbitchene har i år med seg oppfølgaren Superbitchene driter seg ut.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Thor Soltvedt

Foto: Norsk Forfattersentrum
Lektor og forfattar med særleg treffsikkerheit blant unge lesarar. Årets bok heiter Fire minutter på overtid, som er andre bok i serien om fotballaget «Fart».
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Bjørn Sortland
Ein allsidig og produktiv forfattar som i år leverer første bok i ei spenningsserie for barn. Serien handlar om Marie og Ari som blir sende til planetsystemet Kepler62.
Seminar – Årets barne- og ungdomsbøker presenteres for lærere og bibliotekarer
Espen Stueland

Foto: Tomas Moss
Stueland er poet, essayist, litteraturkritiker og miljøaktivist. Han har vore aktiv i Forfatternes klima-aksjon, og gir i år ut ei essaysamling om klima og miljø. Boka heiter 700-årsflommen.
Odd W. Surén

Foto: Aschehoug
Forfattar og humorist som driv med litt bokmelding ved sida av. Årets bok heiter Usynlig for verden.
Prosakveld
Grethe Fatima Syéd

Foto: UiB
debuterer med boka Olav Duun – Kunsten, døden og kjærlighetens dikter, som er ein omarbeidd versjon av hennar doktoravhandling frå 2012.
Debutantkveld
Solveig Tjeltveit

Foto: Tove K. Breistein
bur i Bergen og er utdanna gartnar. I tillegg har ho litteratur-, skrivekunst-, kunsthistorie- og psykologistudium bak seg. Noo gode Gnu er den første boka hennar.
Debutantkveld
Finn Tokvam og Bård Ose

Foto: NRK
Endeleg kjem P.I.L.S-boka! Finn Tokvam og Bård Ose har i ei årrekke vore programleiarar for det populære radioprogrammet Populærmusikk Ispedd Litt Sladder på p1. No skal dei showe live for publikum.
Fredags-P.I.L.S
Chris Tvedt

Foto: Fredrik Arff
Debuterte i 2005 med krimromanen Rimelig tvil, og har seinare gitt ut fleire bøker med advokathelten Mikael Brenne som gjennomgangsfigur. Hans siste roman heiter Djevelens barn, og er skrive i samarbeid med Elisabeth Gulbrandsen. I år kjem Tvedt til sleppet utan ny bok, for å bidra som konferansier og i debatt.
Kritisk kritikk – tolar kritikarane kritikk?
Konferansier på debutantkvelden
Lars Amund Vaage

Foto: Hans Jørgen Brun
Debuterte i 1979, og har levert ei lang rekke vesentlege bøker i ulike sjangrar. Mest kjend for romanane Rubato, Tangentane og Syngja, men har også skrive poesibøkene Den stumme og Den raude staden.
Skrivekurs i poesi
Einar Økland

Foto: Tove K. Breistein
ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar. Årets bok er ei diktsamling med tittelen Sykling i søvne.
Prosa- og poesikveld
Arne Henning Årskaug

Foto: Kristin Aafløy Opdan
Kjem frå Holsen i Førde og debuterer i år med boka Utstyrstekstar.
Debutantkveld