Bildoen

Sinne, marehalm og verdslitteratur – Ingebrigtsen om Bildøen

I Klassekampen 22. mai oppsummerte Eirik Ingebrigtsen festspeldiktar Brit Bildøens tre vegar til romanen. Fekk du det ikkje med deg, får du ein ny sjanse til å lese teksten under.

 

Dei Litterære Festspela finn stad på Lille Ole Bull scene i Bergen denne helga (24. og 25. mai). Programemt finn du her!

 

Sinne, marehalm og verdslitteratur

Marehalm er eit stikkande strandgras som dukkar opp i Brit Bildøens nynorskpris-vinnande roman Tre vegar til havet (2018). Grasstråa blir også kalla sandrør, men for den språkmedvitne Bildøen lyser den etymologiske krafta i marehalmen så sterkt at sjølv den enkle romanoverføringa marr (hav, sjø) må vika for folketrumeininga av ordet; eit overnaturleg kvinneleg vesen som plagar sovande ved å setja seg knugande på brysta deira. Ein kveledemon!

Dette eine ordet, marehalm, bind saman to av Bildøens aller flottaste styrkar som romanforfattar; naturobservasjonane og bruken av det underliggande sinne, eit temperament som kan stiga til eksplisitt raseri eller uventa handling hos karakterane og såleis prega teksten i ny, engasjerande retning. Marehalmen legg seg over dei tre kvinneversjonane gjennom romanen og styrer pusten. Det er lite fred å finna i dei tre vegane, korkje i ”Kroppen” (med sitt byråkratispråk og adopsjonskamp), i møte med Staten (hemn, galskap og mørke), eller i Eksilet (isolasjon og ny frisk). Det har gått tid og er mindre mare der ute ved marr, kvinna oppteken med ringmerking av fuglar, men denne ”tredje kvinna” er eit resultat av dei to første kvinnene sine erfaringar, dei vakne mareritta ho har stått i, eit livsløp med avslutningar og endringar som definerer framtida.

 

I eit intervju i samband med Tre vegar til havet er det lauv Bildøen heftar til emosjonen. Ho fortel om ein av inngangane til romanen, eit bilete av ei kvinne som går nedover gata og ”sparkar sint i vissent lauv”. Det enklaste av bilete, men korleis temperera ein fiksjonstekst? At raseriet (temperamentet eller indignasjonen) ikkje står og hoppar oppå setningane, gjer Bildøens prosa slagkraftig, ja, klokare og meir litterær enn den med alskens ropartar. Bildøen rislar sinnet utover romanen og det får formar som ulande kvinne med brev i hand eller den dusjforheng-klippande kvinna inne i huset til Staten. Det normale og det unormale, i ropeteiknfri prosa, er begge vonde å møta. Men også nødvendig. Les du Sju dagar i august (P2-prisvinnar, 2014) spør Sofie (som mista dottera på Utøya): “Det første rosetoget var samlande, styrkande. Det neste var ein vits (…) Kor blei raseriet av?”

 

Ein tredje veg i Bildøens prosa og forfattarskap, er hennar juvelsmarte bruk av (verds)litteraturen som verkeleg nailar tematikk og karakterars handling og oppførsel. Det er ein fryd å lesa når det treff! Som det kontrollerte og observerande ved ropeteikn-markeringa i ein roman Tre vegar-kvinna les. Ein sekvens som treff romankarakteren, og som viser oss raseriet utan at karakteren vi har på sida framfor oss treng agera emosjonen anna enn med blyantmarkering, er henta frå Maggie Nelsons Argonautene: ”Selv får jeg lyst å kjøre en pinne i øyet på noen hver gang jeg hører ”barnas beste” brukt til å legitimere all verdens ondsinnede agendaer (…).”

At Bildøen viser fram annan litteratur, til inspirasjon eller som tematisk understøtte, fell naturleg. Referansane treng ikkje ha ropande stil, men dei som er der, passar naturleg inn og løftar meiningars trykk. Hertha Müllers Reven var alt dengang jeger (1993) blir trekt ut av bokhylla akkurat i tide til å gje kvinna som skal hemna seg på staten, tips om korleis skapa skrekk hos nokon du vil skada. Ja, her blir reveskinnspote klipt opp og lagt tilbake på plass. Etter lesestund er det tilbakebetalingstid. Klippe, klippe … Passande nok strevar også kvinna (i eksil-delen) med ei omsetjing av den haitiske forfattaren Dany Laferrière, ein roman (L’énigme du retour, 2009) om tap og eksil, og slår fast at ”han skriv frå ein annan vinkel og fyller eit tomrom”. Men i dette strevet finst også lys iver, framtidshåpet.

 

I Tvillingfeber (1998, også den nynorskprisvinnar) seier Ida: ”Dei kunne late vere å reise.” Foreldra omkom då jenta var lite barn. ”Ida blir forskrekka over si eiga stemme, det er eit sinne bak den lette skjelvinga. Noko som har stivna langt inne i kroppen ein stad, begynner å sige utover.” I møte med gamle ting og foto, stig eit undertrykt sinne over lagnaden, tapet av foreldra. No finst det rom for å kjenna på det. Og forfattaren finn leiestjerne til roman-Ida frå Gertrude Steins bok ”Ida”. I Tvillingfeber finn vi også spor av Joseph Conrad, Botho Strauss, Ingeborg Bachmann og Robert Burns. Verdslitteraturen lever i Brit Bildøen lever i romankarakterane hennar og dyttar dei mot oss med stor kompleksitet. Kanskje ikkje så rart at ho har skrive essays om nokre av lesaropplevingane sine, den feministiske lesarguiden Litterær salong (2012).

 

Eirik Ingebrigtsen, forfattar og prosjektleiar i Norsk Forfattersentrum. Foto: Nina Ruud

I Landfastlykke (2001) er opningssitatet lysare enn avklipt revepote, men er også det som kan stå som ein medproblematisør for heile forteljinga. Romanen opnar med eit grandiost kjærleikssitat frå Broen San Luis Ray (1927) av Thornton Wilder, om at to menneske aldri elskar kvarandre like høgt. Relasjonane i trekantdramaet kretsar mykje rundt det å nå fram til eller bli borte frå kvarandre. Det er vakkert, sant og umogleg. Og vi lever våre liv. Også natta, nattarbeid og grubling får understøtte eller motto frå sitatet ”nå ser jeg at natten gjør noe med et menneskes identitet, selv når det sover” av Djuna Barnes (Nattskog, 1936). Landfastlykke er på mange måtar ein ”nattetekst”, ikkje dyster, men utfordrande og grublete; skrifta brukar nattas energi og viser oss ei (om natta unødvendig) langtrekt grubling: “Mona ligg og prøver å overtale augene sine til å kvile i augneholene, men dei vil helst rulle rundt og sjå på alt som får plass der oppe under mørkets tak (…) Men slik er det kvar natt, det verkar som ho silar kvart einaste eitt av alle nattas sekund og minutt gjennom kvar vakne pore i kroppen, men eigentleg søv ho litt innimellom.”

Med morgonlyset forsvinn forfattarens utplasserte kveledemon, men utanfor glaset, nedetter sjøstien, finst det heldigvis meir sandbindande marehalm for Bildøen å nytta seg av.