Workshop med humor

Kreativ skriving med humor under rettleiing av profesjonelle komikarar. Verkstaden er basert på Humorboka av Terje Torkildsen.

om produksjonen

Dette er ein totimars skriveverkstad om humor basert på Humorboka av Terje Torkildsen. Verkstaden er delt i to. Den første delen er eit føredrag om humoristiske verkemiddel og sjangrar. I den andre delen blir elevane delt i grupper der dei skal laga ein humoristisk tekst.

På mellomtrinnet lagar me parodiar på eventyr som elevane framfører for kvarandre. Dette funkar også for eldre elevar, men på ungdomsskule og vidaregåande er det også mogleg å skriva forteljingar, sketsjar eller kåseri. Resultata blir uansett framførte mot slutten av økta.

Workshopen vil bli leia av to profesjonelle komikarar/forfattarar, somme tider også av forfattaren sjølv. Humorboka er illustrert av Sindre Goksøyr

Om forfattaren

Terje Torkildsen har skrive sju ungdomsbøker, mellom anna seriane Dystopia og Stavanger Stories. Han er den einaste forfattaren som har vunne Uprisen to gonger. Terje Torkildsen jobbar også som komikar og skodespelar. Han er ein svært erfaren formidlar med meir enn tusen skulebesøk på CVen. Torkildsen er utdanna norsklektor og skriv på nynorsk.

produksjonsfakta

Målgruppe
5. -7. klasse, 8. – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpassa opplegg)

Produsent
Terje Torkildsen

Arena
Klasserom / grupperom / mediatek

Teknisk krav
Prosjektør og lerret eller smartboard. Tilgang på grupperom eller sitjegrupper. Papir og blyant

Programlengde
Minimum 90 minutt. Maks. 2 verkstader pr. dag.

Elever
Maks 30

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket.
Illustratør og forfattar skal også honorerast med kroner 300 pr. økt. I samband med turnear, kan det også gjerast avtalar om innkjøp av Humorboka med Gyldendal.

Foto kan brukast til promotering. Fotograf skal krediterast.

status

Produksjonen er i på vegen frå skuleåret 2017 -2018. Workshopen vil bli leia av to profesjonelle komikarar/forfattarar, somme tider også av forfattaren sjølv. Humorboka er illustrert av Sindre Goksøyr.
Se også http://www.aftenbladet.no/kultur/Kunsten-a-bli-morosam-539338b.html

Mottakar av produksjonsstøtte frå Litteraturbruket 2016.

kontaktinformasjon

Terje Torkildsen
Telefon: 98 01 01 68
E-post: post@terjetorkildsen.no