Under en stein

Har du nokon gong løfta på ein stein og sett alt som kravlar og kryp der? Inger Lise Belsvik har laga illustrasjonar av alle småkrypa i boka Under ein stein av Erna Osland, og desse skal vi sjå nærare på saman med henne. Det blir óg verkstad der vi lagar våre eigne insekt.

om produksjonen

Under steinar ligg småkrypa stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løftar på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik og det er ho som tek elevane med på denne «forskingsverkstaden».

Boka Under ein stein har spesielle litterære og visuelle grep som Inger Lise gjerne viser og deler med elevane. Vi studerer fakta om insekta; tel føter og venger og les høgt saman. Powerpoint av illustrasjonane gir oss store, tydelege detaljar, og elevane får lære om korleis ein illustratør jobbar, der både research, teknikkar og fargar er viktige for å få fram eigenartar på krypa. Heile vegen er elevane aktive med munnlege innspel, spørsmål og svar.

Så skal vi lage insekt! Og korleis skal det sjå ut? Skal det være naturalistisk eller ein fantasi-kreasjon? Kva kan passe til venger; tyll eller netting? Korleis får ein fram dei hårete beina til edderkoppen? Skal insektet henga frå taket eller stå på bordet?

Med dorullar som utgangspunkt for kroppane vel vi materiale til insekta og går i gang, med læraren og Inger Lise som kreative hjelparar.

Dei som blir tidleg ferdige får til slutt skriva eit dikt eller ein liten historie på 4-5 linjer om insektet sitt. Her vel dei sjølv om dei vil bruke fakta eller lage eit fantasi-dikt der alt mogleg kan skje. Denne bolken kan óg være til ein norsktime seinare.

om utøvaren

Inger Lise Belsvik har illustrasjonsutdanning frå Kingston University i England og frå Kunsthøgskolen i Oslo, samt barne- og ungdomsforfatter-utdanning frå Norsk Barnebokinstitutt (NBI). Ho har gjennom dei siste 25 åra illustrert over 30 barnebøker, særleg biletbøker, diktsamlingar og fagbøker. I 2010 debuterte ho som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring! Inger Lise er óg formidlar av litteratur og illustrasjon, både gjennom Den Kulturelle Skulesekken og på høgskular, med foredrag og verkstad for barn og vaksne.

Mer om Inger Lise Belsvik i

produksjonsfakta

Målgruppe
3. – 4. klasse

Produsent
Inger Lise Belsvik

Arena
Klasserom, gjerne kunst- og handverksrommet

Tekniske krav
Det trengs lerret og projektor i rommet. Elevane må ha basis kunst- og handverksutstyr, som sakser, lim, skrive- og teiknesaker. Og dei må ha med 3 – 4 dorullkjerner kvar!
Workshop

Programlengde
90 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
30 per forestilling

Opprigg
30 minutter

Nedrigg
15 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

2017-18: DKS Hedmark og Oppland

kontaktinformasjon

Inger Lise Belsvik
Telefon: 41 50 17 26
E-post: ilb@ingerlisebelsvik.no
Nettside: www.ingerlisebelsvik.no