Teikneserieverkstad

Kurset startar med bretting av “minicomics”. Ved hjelp av litt primitiv origami gjer vi eit A3-ark om
til eit 8-siders hefte. Elevane får ei oppgåve, lag ei histore på 8 sider som innheld t.d. ein bil og ein elg. De har 15
minutter.

om produksjonen

Vi gjentar liknande øvingar gjennom heile kursdagen, ofte med ulike “handicap”/utfordringar. Ut
frå det som blir produsert så teoretiserer vi rundt teikneserievirkemidler, fortellerteknikk,  dramaturgi og bygging av karakterer. Kanskje viktigast av alt: eleven går heim med ein bunke små hefter som han/ho har produsert i løpet av dagen. Ved å gå rett på sak hopper vi (i beste fall) over den sjølvkritiske “tvile-fasen” som ofte stoppar kreativitet. Frå å kanskje aldri ha laga ein einaste
teikneserie går ein til å vere ganske erfaren på slutten av dagen.

Metoden er altså å først lage noko, og deretter teoretisere rundt det. Erfaringa mi er at mange elevar får ein «vekkar» ved å raskt meistre eit nytt medium og få muligheten til å fortelje visuelle historiar. Eg har fokusert ein del på å jobbe raskt og intuitivt, at teikneferdigheter ikkje skal vere føresetnad for å lukkast.

om forfattaren

Jens K. Styve er forfattar og serieteiknar med bakgrunn frå grafisk design og illustrasjon. Han teiknar serien Dunce som går dagleg i Dagbladet (den vann også Dagbladets seriekonkurranse i 2016).

Styve har gjeve ut romanane Friedland  og Eg, Ove Kvamme. Han har gjeve ut ein heil del teikneseriar, hovudsakleg på JIPPI Forlag og på eige forlag.

Til dagleg jobbar Jens K. Styve som kommunikasjonsansvarleg ved Tvibit i Tromsø. Før det jobba han tolv år som partner og grafisk designer i Tank Design Tromsø AS, eit designbyrå med fokus på kulturkundar og pakningsdesign.

Jens har utdanning frå Universitetet i Bergen (Medievitenskap og Fjernsynsproduksjon) og Universitetet i Tromsø (Forfatterstudiet).

Meir om Jens K. Styve i

Foto: Nicolas Tourrenc

produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)

Produsent
Jens K Styve

Arena
Klasserom / grupperom

Teknisk krav
A4-ark, penner og sakser

Programlengde
2-4 timer

Elever
30

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

Mottaker av produksjonsstøtte 2017.

kontaktinformasjon

Jens K. Styve
Telefon: 97 14 67 59
E-post: jstyve@gmail.com