Soledad

14 år gamle Soledad våkner en morgen og oppdager at hun er helt alene. Faren, naboen og resten av beboerne på øya er forsvunnet…

OM PRODUKSJONEN

Presentasjon av den Uprisnominerte boka Soledad – ein dystopisk miljøthriller om ein tenkt naturkatastrofe. Soledad er 14 år, og befinn seg på øya Utsira, plutseleg ein dag er alle menneska borte, og eit frykteleg uvær slår til. Her fortel eg om sjangeren dystopi, om kva filmar, bøker, spel og radioteater som direkte inspirerte til skrivinga. Eg snakkar også om korleis dystopiar er særleg godt eigna til å kritisere både samfunn, politikk og menneskelege avgjerdsler.

om forfatteren

Foto: André Soltvedt

Foto: André Soltvedt

Tor Arve Røssland debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.

I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!

Då han såg ET – The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten.

Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.

I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger.

Mer om Tor Arve Røssland i
forfatterkatalogen

produksjonsfakta

Målgruppe
8. – 10. klasse

Produsent
Tor Arve Røssland

Arena
Klasserom / grupperom

Teknisk krav
Lerret/projektor eller smartboard

Programlengde
50 minutter. Maks tre forestillinger pr. dag.

Elever
Maks 100 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

STATUS

Tor Arve Røssland er en av våre mest brukte forfattere i skolen, og har turnert jevnlig i mange år. Les mer om dette på hans nesttside
www.forfattaren.no

KONTAKTINFORMASJON

Tor Arve Røssland
Telefon: 92 45 13 21
E-post: tor-arve@online.no
Nettside: www.forfattaren.no