Les og le – ei klovneframsyning, ei bok og eit skrivekurs

Lærer vi meir når vi ler i klasserommet? Blir vi snillare av å le?

om produksjonen

Elevar får utforske eigen og andre sin latter. Dei blir sette i sving av to klovnar og ei bok – sakprosaboka He-he! Ei bok om den livsviktige latteren (av Erna Osland, illustrert av Per Ragnar Møkleby ).

Framsyninga er tenkt som ei overrasking for elevane. Klovnane bankar på, og vips så er formidlinga i sving! Framsyninga er laga av Ingeborg Stige og Frøydis Flotve. Det er klovnane som er formidlarar i heile Les og le. Fleire klovnar skal lærast opp.

Sjeldan har noko treft så godt for alle aldersgrupper. Vaksne og barn var heilt med, og interessa for boka var stor. Bergen offentlige bibliotek, Loddefjord.

 

Skrivekurset er laga av Erna Osland. Målet er å skrive ein kort artikkel om latter. Kurset har enkle skriveøvingar og forslag til vidare abeid i norsk, samfunnsfag og matematikk.

– Eit nyttig verktøy for å lære sakprosa, elevane kom raskt i gong med skriving. Dalsøyra skule.

Foto: Tor Arve Røssland

om utøverne

Erna Osland blir rekna som ein av dei fremste norske forfattarane av barne- og ungdomsbøker. Den tidlegare læraren er både produktiv og prislønt, og ho skriv innanfor dei fleste litterære sjangrar. Ho tek ofte opp store problemstillingar i bøkene sine, og ho er oppteken av ikkje å gi dei ei eintydig løysing. Ho har òg drive aktivt med litteraturformidling og har halde skrivekurs for barn og ungdom over heile landet.

Ingeborg Stige er utdanna innan fysisk teater etter tradisjonar frå Jacques Lecoq, ved Dell’Arte International School of Physical Theatre, USA og École Philippe Gaulier, Frankrike. Ho er spesialisert innan den modernistiske tradisjonen teaterklovn og har tatt ei utøvande mastergrad innan dramapedagogikk på emnet frå Høgskulen i Bergen. Stige har undervisingserfaring frå ei rekkje målgrupper mellom anna frå teaterskule for born og ungdom, kriminalomsorg og høgskule. Stige er inne i eit vikariat på Høgskulen i Volda, der ho under avdeling for kulturfag, som skal fremje lærarutdanning, formidling, utviklingsarbeid, forsking og kunstnarleg verksemd gjennom forskings- og utviklingsarbeid.

Frøydis Flotve er utdanna innan drama og teater, samt spesialpedagogikk og litteraturvitskap frå universitetet i Trondheim. Ho har arbeidd med formidling og teater for barn og unge på Vestlandske Teatersenter i 20 år. No er ho frilansar. Flotve har vore med i alle delar av ein produksjon, alt frå planlegging og informasjon til gjennomføring. Ho har jobba som prosjektleiar og –medarbeidar i ymse prosjekt, oppdrag som skodespelar og instruktør i framsyningar, kurs og produksjonar. Dei siste åra har ho halde fleire kurs for bibliotekarar i ulike måtar å drive litteraturformidling. Ho var også prosjektleiar for undervisningsopplegget som vart utvikla til Erna Oslands fagbok Når det regnar i Afrika i samarbeid med dansar og komponist.

produksjonsfakta

Målgruppe
5. – 7. klasse

Produsent
Frøydis Flotve

Arena
Klasserom / sal

Teknisk krav
ingen

 

Programlengde
Framsyninga varer i to skuletimar: 1. time framsyning og samtale + 2. time med skriving. Maks 2 om dagen.

Elever
30 pr forestilling

Opprigg / nedrigg
10 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket.

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

Mottaker av produksjonsstøtte fra Litteraturbruket 2016

kontaktinformasjon

Frøydis Flotve
Telefon: 99 60 32 71
E-post: frflotve@online.no
N
ettside: www.teaterfrø.no