Katta i sekken – Lurviar og det hemmelege skrinet

Lurivar og det hemmelege skrinet er eit musikkteater for barn på småskuletrunnet. I framsyninga møter ein tunkatten Lurivar og ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg.

Om produksjonen

I tillegg har målaren med seg eit skrin som han passar godt på. Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane, men han er veldig nysgjerrig på kva som er oppi skrinet til kunstmålaren. Saman presenterer dei nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Dette er ei leiken framsyning der ein leikar seg med ord og bilete som finnest i bøkene frå før, men dei vil også leike seg med nye ord og kunstverk som dei lagar saman med barna under framsyninga.

Forfattar Lars Mæhle har skrive manus til framsyninga og Beate Lech har komponert musikken.

Foto: Svein Olav Humberset

om forfattaren, komponisten og dei medverkande

Forfattar Lars Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper’n til Liverpool er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Gjennombrotet kom med Landet under isen, som mottok fleire prisar.

Mer om Lars Mæhle i
forfatterkatalogen

Beate Slettevoll Lech er  norsk jazzvokalist, kjend frå ei rekkje utgjevingar og som leiar av det anerkjende orkesteret Beady Belle som ho etablerte i 1999 og skriv alle tekstar til. Beady Belle er også hennar eige artistnavn.

Lykke Kristine Moen frå Bergen er utdanna ved Bårdarakademiet si musikkteaterlinje 2006-2009. Etter utdanning har ho arbeidd som skodespelar, songar, instruktør, regissør og manusforfattar ved både institusjonsteater og privatteater. Lykke har ei av hovudrollene i TV3-serien Aber Bergen.

Geir Vegar Hoel er skodespelar, regissør og biletkunstnar, kjend frå mellom anna filmane Mongoland, United, Umeå4ever og Monstertorsdag.

Lurivar - collage 1

produksjonsfakta

Målgruppe
1 – 4. klasse

Produsent
Ivar Aasen-tunet

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav

Programlengde
45 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
60 per forestilling

Opprigg / nedrigg
15 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

status

Mottak av produksjonsstøtte for litterære produksjoner 2015

2016: DKS Buskerud og Sogn og Fjordane.
2017: DKS Buskerud, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Dessuten Dei nynorske festspela.

kontaktinformasjon

Liv Astrid Skåre Langnes
Telefon: 92 82 86 69
Kontaktperson utøvar
Geir Vegar Hoel
Telefon: 95 29 55 57

Lykke Kristine Moen
Telefon: 98 65 36 62