Hjartebank

Forfatterbesøk med Alf Kjetil Walgermo.
Ungdomsromanen Mitt bankande hjarte handlar om ei jente på snart 14, som er forelska i ein gut på 14, men får ein hjartesjukdom som gjer henne dødssjuk. Det er med andre ord snakk om kjærleik og død, store tema som appellerer også i denne aldersgruppa.

Om produksjonen

– Eg les eit utdrag frå første del av boka, der hovudpersonen Amanda er frisk og rask og forelska. Eg ber elevane kommentere kva dei tenker på når dei høyrer tittelen Mitt bankande hjarte og når dei ser framsidedesignen, med eit stor anatomisk hjarte på lilla bakgrunn. Kven er forteljaren? Korleis kan ein mann på 34 år skrive om ei jente på nesten 14? Forelsking: Eg spør om det er nokon som har vore forelska nokon gong. Så seier eg at boka ikkje berre handlar om kjærleik og forelsking, men også om noko meir. Eg les eit nytt utdrag frå boka, der Amanda er på sjukehus. Derifrå går vi vidare til å snakke om hjartesjukdom. Korleis er det å bytte ut hjartet med eit heilt nytt? Så snakkar vi om korleis dei trur det er å vere forelska når ein har eit sjukt hjarte. Korleis er det å måtte få nytt hjarte? Blir ein endra som person? Vil ein framleis vere forelska i den same personen? Kva er hjartet vårt? Kvar sit identiteten vår? Eg kjenner ei jente som no lever med sitt tredje hjarte. Ho kan framleis trene og jobbe og har det etter forholda veldig bra. Men livet består både av fine ting, som forelsking, og alvorlege ting, som sjukdom – difor er det viktig å skrive om begge deler også for ungdom.

Mitt bankande hjarte

I andre time snakkar vi om det å skrive; frå det å skrive fortelling på skulen til det å skrive bøker. Er det nokon som likar å skrive? Er det nokon som likar å lese? Og kva gjer ein dersom ein har skrivesperre – det er marerittet for alle forfattarar. Så fortel eg at eg skal røpe eit tips for dei: Eg deler ut eit eple eller ein bit av eit eple og ber dei beskrive det så nøyaktig dei kan. Snuse på det, smake på det, kjenne på det, sjå på det. Etter at dei har fått fire-fem minutt til dette, seier eg at dei har fått ei oppgåve der dei skal skrive om til dømes kjærleik eller død, som også Mitt bankande hjarte­ handlar om. Trikset er no å bruke skildringane av eplet, og bytte ut ordet eple med ordet kjærleik eller ordet død. Kanskje får vi då metaforar som «Døden er ein brun skrott» eller «Kjærleiken er søt og syrleg på tunga». Det blir ei aha-oppleving for mange, å kunne gå frå det abstrakte (død, kjærleik) til det konkrete (eple) og bruke bilete derifrå. Så snakkar vi meir om det å skrive: at ein kan skrive om akkurat det ein vil, at ein til og med kan skildre seg sjølv som popstjerne eller superhelt, at ein kan vere ein heilt annan enn den ein er til vanleg, eller at ein kan bruke seg sjølv når ein skriv. Så snakkar vi litt om det å vere forfattar: Kor mykje kan ein tene (ofte ikkje så bra) – dette er dei interesserte i, men svaret er at det ikkje er pengane som gjer at forfattarar blir forfattarar. Kor lang tid tek det å skrive ei bok? Så seier eg at det er bra å skrive litt ved sidan av skulen, dersom dei ein gong skulle få lyst til å skrive ei bok, trengs det skrivetrening. Men ein treng ikkje å skrive heile tida: Sjølv spelar eg til dømes fotball på det norske forfattarlandslaget. Ofte brukar elevane, kanskje særleg gutane, å bli ekstra interesserte då: Ein treng ikkje å vere «kledeleg» og «sitte og skrive heile tida» for å vere forfattar. Eg er også musikar og låtskrivar. Nokre gongar har eg spela ein låt for klassen, for deretter å fortelle om korleis låttekstar også er ein fin måte å bruke språket på.

Forberedelser

Elevene bør ha lest tekstutdraget fra Mitt bankande hjarte før forfatterbesøket. Forbered gjerne noen spørsmål i klassen på forhånd.

Om forfatteren

Alf Kjetil Walgermo (1977) opplevde stor suksess med ungdomsromanen Mitt bankande hjarte (2011), som fekk svært gode kritikkar, og som til no er seld til seks land. Til dagleg jobbar Walgermo som kommentator i Vårt Land.

Mer om Alf Kjetil Walgermo i
forfatterkatalogen

Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Produksjonsfakta

Målgruppe
8. – 10. trinn

Produsent
Alf Kjetil Walgermo

Arena
Klasserom/grupperom

Teknisk krav
Tavle/whiteboard

Programlengde
90 minutter

Elever
Maks 30 pr formidling – inntil 2 dobbelttimer pr. dag.

Opprigg / nedrigg
0 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

Status

2013/2014: 9.klasseturné i Oslo.

Kontaktinformasjon

Alf Kjetil Walgermo
Telefon: 90 95 44 12
E-post: alfkjetil@walgermo.no