Forfattarbesøk med Terje Torkildsen

Dette er eit godt, gamaldags forfattarbesøk der Terje les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing.

Om produksjonen

Terje har jobba som standup-komikar i tjue år og bruker mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans blir gjerne kalla for standup-bokbad. Torkildsen skreddarsyr alltid opplegget etter ønskjer frå lærarane og spørsmål frå elevane.

Om forfatteren

Terje Torkildsen har skrive sju ungdomsbøker, mellom anna Dystopia-serien, Stavanger Stories og den kritikarroste historiske sjøromanen Arrfjes. Han er blant dei mest populære ungdomsbokforfattarane i landet og den einaste som har vunne Uprisen to gonger. Terje Torkildsen er ein svært erfaren formidlar med meir enn tusen skulebesøk på CVen. Han er utdanna norsklektor og skriv på nynorsk.

Mer om Terje Torkildsen i
forfatterkatalogen

Terje Torkildsen

Foto: Marius Vervik

Produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)

Produsent
Terje Torkildsen

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav
Ingen

Programlengde
45 – 60 minutter. Ta kontakt med forfatter.

Elever
60 per forestilling

Opprigg / nedrigg
0 minutter

Pris DKS
Ta kontakt med forfatter

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

Status

Terje er utdanna norsklektor og har jobba på alle nivå i skulen. Han har turnert i DKS sidan oppstarten og har meir enn tusen skulebesøk på CVen.

Kontaktinformasjon

Terje Torkildsen
Telefon: 98 01 01 68
E-post: post@terjetorkildsen.no