corona_CDC, Alissa Eckert

Nye krisetal: Oppdragsmengda nesten halvert i september

Dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien held fram med å ramme forfattarane hardt. Berre i september har oppdragsmengda gått ned med 45 % samanlikna med september 2019.

Skribentorganisasjonane NBU, DnF, Forfatterforbundet, Norsk oversetterforening, NFFO og Forfattersentrum, møtte onsdag 23. september kulturminister Abid Raja for å oppdatere departementet på den prekære situasjonen. Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, hadde med seg ferske tal som viser at forfattarane våre – samanlikna med 2019 – har opplevd ein nedgang i talet på oppdrag på 35 %, og ein nedgang i honorarutbetalingar på 32 % etter nedstegninga 12. mars.

Til no i år har Forfattersentrum utbetalt 6,8 millionar kroner mindre i honorar enn ved utgangen av september 2019.

Tredelt økonomi

Forfattararøkonomien har i utgangspunktet tre bein å stå på: Bokinntekter, stipend og formidlingsoppdrag. Av desse er det naturleg nok oppdragsmengden koronasituasjonen har gått hardast utover, men forfattarane opplever samtidig utfordringar på fleire område, til dømes låge strøymeinntekter og avkorting av innkjøpsordninga.

Pandemien kjem på toppen av at forfattarøkonomien allereie lenge før korona var i krise, med ein jevn nedgang i medianinntekt sidan 2006. Forfattarar flest har for eksempel ikkje råd til å kjøpe sjukelønnsforsikring eller spare til pensjon. Når mange forfattarar for tida må avlyse oppdrag fordi dei har milde symptom på forkjøling, eller ufrivillig har hamna i karantene som nærkontaktar til nokon som er smitta av Covid-19, er det dermed utelukkande utøvaren som må ta den økonomiske støyten.

Usikker framtid

Då dei fleste oppdraga vart avlyste i mars, lova blant andre Viken fylkeskommune straks full honorering for avlyste oppdrag. I løpet av dei neste vekene anbefalte også store aktørar som Kulturrådet, Fritt ord, Oslo kommune og Bergen kommune, full utbetaling. Uten denne innsatsen frå tilskuddsytarar og oppdragsgivarar, ville tala vi presenterer her sett mykje verre ut. Problemet no, er at denne rausheita ikkje kan halde fram i det uendelege. Vi fryktar derfor for framtida til forfattarane dersom dagens situasjon held fram:

Mange forfattarar tener vanlegvis ein stor del av årsinntekta si i månadene vi har framfor oss, og hittil i september, den første av dei tradisjonelt sett mest intense bokhaustmånadene, har vi altså registrert 45 % færre oppdrag.

Heller ikkje på lengre sikt ser det lyst ut: Alle dei store arenaene som formidlar litteratur melder til oss at 2021 vil bli eit år med lågare budsjett og færre oppdrag.

Styrk litteraturhusa, festivalane og Den kulturelle skulesekken!
Forfattersentrum har fleire forslag til moglege tiltak som ikkje berre vil komme forfattarane til gode, men bidra til demokratibygging og styrke det norske språket. Eit tiltak som vil ha stor betydning både for forfattarar og lesarar, er å auke støtta til litteraturhusa og litteraturfestivalane permanent.

Eit anna konkret tiltak departementet kan gjere, er å auke potten til Den kulturelle skulesekken. Koronarestriksjonane fører til at forfattermøter må finne stad i klasserommet, i staden for større salar. I praksis betyr dette dessverre at færre barn og unge får møte litterære utøvarar. Å gi DKS større økonomiske musklar, vil både gi tryggleik til dei som tener minst på boksal og mest på oppdrag, barne- og ungdomsbokforfattarane, og føre til at fleire elevar får kvalitetssikra kulturopplevingar i kvardagen sin.

Burde ha forlenga kompensasjonsordninga

Ein av bodskapane frå Forfattersentrum til Kulturdepartementet, var at forfattarar flest har hatt lite nytte av koronatiltaka regjeringa har innført, men at det har vore til store hjelp for eit mindretal. Spesielt kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande har dessutan vore svært viktig for andre yrkesgrypper Forfattersentrum stiller seg solidarisk bak. Vi ba derfor om at tiltaket måtte bli forlenga, og er skuffa over at regjeringa frå og med 1. november har bestemt seg for å avslutte ordninga.

Klarar vi ikkje å gi utøvarane våre eit minimum av tryggleik, er det ei reel fare for at vi kjem ut av pandemitida med færre forfattarar som skriv på heil- eller deltid. Det vil gå utover breidda i norsk litteratur.

 

Toppfoto: Corona CDC, Alissa Eckert.