Det sanne og det synlege

Dette minner meg om noko eg opplevde

Dette minner meg om noko ei venninne fortalde meg om

Dette minner meg om noko eg las

Dette minner meg om Munchs Madonna-måleri

Dette minner meg om #metoo

Er ikkje dette eigentleg den vanlege historia

Er ikkje dette eigentleg alle kvinners historie

Er dette eigentleg ei historie i det heile tatt

Kva får deg til å tru det er noko spesielt med deg

Har du eigentleg noko å fortelje om

Viss du kunne ha sagt noko, kvifor hadde du sagt noko?

Kva er det du vil med det du har å seie?

I denne boka snakkar tre kvinner om opplevingane sine med menn. Samtalane tar oss til eit møte på eit fjordhotell, til ein lunsj med ein teaterregissør, til ei som blir stalka på høglys dag og til ei som kler av seg bak eit kornete webkamera. Felles for dei ulike situasjonane er korleis det mannlege blikket og samfunnet vi lever i på ulike vis bidreg til å forme korleis kvinner ser seg sjølv.

Andre bøker av medlemmer

Sjå alle nye bøker