Ny DKS-avtale: Dagsatsen opp med 8 %

Creo og KS har blitt einige om å heve dagsatsen for kunstnarar på turné i Den kulturelle skolesekken med 8 %, til 5016 kroner.

Satsen for møte, prøver og anna førebuing vert auka til kr. 697 per time. Dei nye satsane gjeld frå 1. august 2020.

Norsk Forfattersentrum er glade for arbeidet Creo har lagt ned på vegne av kunstnarane dei siste åra, og støttar ønsket deira om å få på plass ein lønnsavtale. Sjølv vil vil halde fram med å kjempe for at alle kunstnargruppene skal få eit påslag på 20 % når dei reiser aleine på turné.

Les meir om forhandlingane på Creo sine nettsider: https://creokultur.no/nyheter/okte-honorarsatser-i-den-kulturelle-skolesekken/

Les meir om tillegget for å reise aleine her: https://www.forfattersentrum.no/er-musikere-mer-morkredde-enn-forfattere/