Stillingsannonse prosjektmedarbeidar 2020 utan tekst

Norsk Forfattersentrum Midt-Norge søkjer prosjektmedarbeidar

Norsk Forfattersentrum er ein organisasjon for forfattarar, med 1600 medlemmar. Vi skapar kontakt mellom forfattarar og publikum og sikrar at forfattaren får riktig honorar. Midt-Norgekontoret har spesielt ansvar for medlemmar og arrangørar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Det bur 128 medlemmar i Midt-Norge. Kontoret arrangerer Æ Å Trondheim litteraturfestival annakvart år.

Norsk Forfattersentrum Midt-Norge søkjer etter ein fleksibel prosjektmedarbeidar til ei lita deltidsstilling. Søknadsfrist er fredag 15. november. Viktige arbeidsoppgåver er kontoradministrasjon, gjennomføring av bransjebyggjande tiltak for prosjektet «LiM – Litteraturformidling som kreativ næring i Midt-Norge», samt planlegging og gjennomføring av Æ Å Trondheim litteraturfestival 2021.

Arbeidsmengda vil variere gjennom året, men er normalt 1–2 arbeidsdagar per veke. Prosjektstillinga har oppstart i januar 2020. Fyrste arbeidsoppgåve er gjennomføring av bransjebyggjande tiltak (1 dag i veka ut året 2020). Som prosjektmedarbeidar for Æ Å Trondheim litteraturfestival skal du arbeide ein dag i veka frå august 2020 til mars 2021 (i alt 27 arbeidsdagar). Vi ynskjer i tillegg at medarbeidaren kan fungere som tilkallingsvikar ved kontoret.

Vi søkjer ein person som er:
• lett å samarbeide med.
• god på kontorarbeid, held tidsfristar og arbeider strukturert.
• dyktig til å skrive søknader og informasjonsmateriell.
• oppdatert på litteraturbransjen og det offentlege i Midt-Norge.
• engasjert og har gode idear.
• godt oppdatert på norske samtidsforfattarar.

Arbeidsoppgåver:
Bransjebyggjande tiltak
• Delta i felles prosjektgruppe med Litteraturhuset i Trondheim.
• Koordinere informasjon til forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i Trøndelag og Møre og Romsdal.
• Planleggje og gjennomføre kurs i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Æ Å Trondheim litteraturfestival
• Planleggje festivalen i samarbeid med administrasjonen og det kunstnariske rådet.
• Organisere møte med samarbeidspartnarar og kunstnarisk råd. Føre møtereferat. Utforme samarbeidsavtaler.
• Utforme og sende søknader om støtte innanfor tidsfristane.
• Informasjonsmateriell, pressearbeid og synleggjering.
• Bestille reiser. Korrespondanse og oppfølging av inviterte forfattarar.
• Utarbeide køyreplan for festivalen.
• Delta i gjennomføringa av festivalen, med oppfølging av gjestar og frivillige.

Kontoradministrasjon
• Yte service, svara på e-postar og telefonar.
• Registrere oppdrag i økonomisystemet vårt.
• Formidle forfattarar til oppdrag.
• Gjennomføre arrangement.
• Forefallande arbeid.

Arbeidsstad: Trondheim, Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, Bakkegata 1A.
Stillinga vil ha noko kveldsarbeid og nokre reiser. Prosjektmedarbeidaren fører timar. Lønn etter avtale.

Meir informasjon om stillinga får du frå avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim: 21 09 57 72 / 97 03 16 24
eller prosjektmedarbeidar Siri Aurland Bredesen: 48 14 99 21.

Skriftleg søknad og CV skal sendast seinast fredag 15. november til guri@forfattersentrum.no
Attestar og vitnemål kan leggjast fram på intervju.