Nathaniel

Nathaniel Farrell – Om forholdet mellom menneske og sted

Nathaniel Farrells to bøker, Newcomer (2014) og Lost Horizon (2019) kan begge kallast utforskingar av stadar. Førstnemnde bok følgjer ein namnlaus soldat gjennom ein namnlaus krig. Assosiasjonane leier lesaren til den amerikanske borgarkrigen, men seier ikkje noko om kva for side han kjemper på. Boka forsøker ikkje å etterlikne historia, men å ta lesaren med til nokre augeblikk som gjev ein taktil kjensle av korleis det må ha vore å vere der. Teknikken hans er enkel og grasiøs: Han sett kjapt ei scene, før han oppsøker detaljane i scena; til dømes fokuserer han på vinden, og korleis den tørker blekket i kapteinens loggbok, samstundes som det får ein teltflapp til å piske mot stroppane. Skildringa er enkel og presis, og dannar ein effektiv appell til fantasiens syn og hørsel. Lesaren kan bruke sin eigen kjennskap til sanseinntrykka, som ein portal til diktets tid og rom. Ein kan dikte vidare; når Farrell i same diktet snakkar om soldatar som «kranglar om flindrestein», kan vi høyre dette skje ikkje langt unna, vi kan sjå kapteinens konsentrerte ansikt og kjenne vinden mot vårt eige ansikt. Frå dette utganspunktet kan vi oppleve krigen gjennom soldatens sansing, og då blir også hans lengt etter sin eigen fortid desto sterkare. Vi kjenner hans dragning mot menneska han har heime, og håpet om ein gong å kome dit igjen. Samstundes gjer namnlausheita lesaren ei viktig innsikt; dette er fiksjon, og denne soldaten representerer millionar av soldatar frå alle krigar og alle tider. Mange kjem ikkje heim.

Lost Horizon skil seg frå debutboka i at bokas lyriske eg ikkje er like utprega fiktivt. Det er heller ingen eksplisitt rammeforteljing. Det er samtidas USA som utforskast. Blikket startar typisk nok i eit kjøpesenter, og følgjer derfrå observasjonar av små og store augeblikk i ein slags poetisk roadtrip gjennom heile landet. Sjølv om det aldri eigentleg seiest høgt, får ein eit inntrykk av at det leitast etter noko. Kanskje ein individuell ståstad, eller noko kollektivt definerande, ikkje godt å seie, men igjen er det lyriske språket innstilt på å opne stadane for lesarens innlevingsevne.

Farrells poetiske oppsøking av stadar er spesielt relevant for årets festivaltema, jord. Hans hovudsaklige grep er å sjå, å lytte og å kjenne; å kople seg på staden med alle sine sansar. Og i denne tilkoplinga oppstår det ein svært viktig påminning om at vi som menneske er ein del av den verda vi bevegar oss rundt i.

Skjermdump fra opplesing.

 

Møt Nathaniel Farrell

Torsdag 11. mars, kl. 21:00

Samtale: Om forholdet mellom menneske og sted
Nathaniel Farrell har et talent til å transportere leseren til stedene han skildrer gjennom presis språkføring og et årvåkent blikk for detaljer. Hans debutbok Newcomer ble gjendiktet av Martin Ingebrigtsen i 2018. Samtalen ledes av Sigrid Elise Strømmen.
ENGELSK.
Live via ZOOM

Lenke til Facebook-arrangement.
Lenke til Vimeo-side

 

Fredag 12. mars, kl. 20:30

Fire leser høyt
Gunnhild Øyehaug, Ann Jäderlund, Adelheid Seyfarth Gulbrandsen og Nathaniel Farrell.

Lenke til Facebook-arrangement.
Lenke til Vimeo-side.

 

Lørdag 13. mars, kl. 19:00

Foredrag: Poetry of Landscape and Habits of Memory
I dette korte foredraget snakker Nathaniel Farrell om sitt poetiske arbeid, og hvordan han forholder seg til sine kjernetematikker.
ENGELSK.
Live via ZOOM

Lenke til Facebook-arrangement
Lenke til Vimeo-side