Forfatterlandslaget søker oppkvinne

Forfattersentrum søker med dette ei oppkvinne til Det Norske Forfatterlandslaget i fotball for kvinner, og eit nytt ord for oppmann til det norske språket.

 

Flickr.com, Jarrett Campbell.

Ingen saker engasjerte meir på årsmøtet 2018 enn Det Norske Forfatterlandslaget. Sidan starten som blandakor med varierande ferdigheiter for 10 år sidan, har laget bygd prestasjonskultur, blitt toppa og spissa, og samstundes enda opp som eit reint herrelag. På årsmøtet tok derfor fleire til orde for at laget burde endre namn til herrelandslaget, og at Forfattersentrum burde ta initiativ til eit kvinnelandslag.

Stor stall
Dagleg leiar Ingvild Herzog uttrykte glede over at temaet kom opp, og kunne fortelje at Forfattersentrum til og med har «blitt kontaktet av en debutant som ble forfatter fordi hun ville spille på Forfatterlandslaget!» Herzog tok vidare på seg oppgåva med å ta initiativet til eit kvinnelandslag, og i august inviterte vi potensielle spelarar til å melde seg. Responsen har vore overveldande. Alt frå tidlegare stjernespissar i tredjedivisjon, til tidlegare cornerflagg har meldt seg:

”Jeg pleide å være cornerstolpe i barndommen, eneste tillatte for jenter. Det er over 70 år siden, men jeg kan fremdeles kunsten, med eller uten krykker. Lykke til med damefotballen! Hilsen Aud Korbøl»

Vil du organisere laget?
Forfattersentrum søker no nokon som kan ta ansvaret for å organisere laget. Oppkvinna eller oppkvinnene (dersom fleire vil gå saman om oppgåva), vil få den hjelpa ho/dei treng frå Forfattersentrum. Det er med andre ord ingen grunn til å nøle, og det er sjølvsagt ikkje for seint å melde seg som spelar!

Meld di interesse, og send eventuelle spørsmål, til dagleg leiar Ingvild Herzog.