Fagmiljøa saknar dialog med Kulturtanken om DKS

Vera Micaelsen. Foto: Marte Garmann Johansen, Aschehoug

Tidlegare DKS-sjef Vera Micaelsen har varsla Kulturdepartementet om manglande kommunikasjon mellom Kulturtanken og fagmiljøa for Den Kulturelle Skolesekken. I eit intervju på periskop.no seier Micaelsen at ho er «bekymret for at de ulike fagfeltene ikke blir godt nok ivaretatt, og for at Kulturtanken mister tillit hos regionale og lokale DKS-aktører».

Periskop har også snakka med leiarane for organisasjonane som fram til no har hatt status som nasjonale DKS-aktørar, inkludert dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog.

Les heile saka på periskop.no.