Dei Litterære Festspela 2019 – Festspeldiktar Brit Bildøen

Korleis uttaler ein Brit Bildøens fornamn? Det er eit dra-ord med lang i, men det er det lett å gløyme, så mange køyrer på med sprett i konsonantane kvar gong dei seier noko til eller om henne. Og det er det jo mange som gjer. Ikkje berre er Brit Bildøen ein av Norges beste forfattarar, ho har også vore konsulent på Det Norske Samlaget i ei årrekke, site i styret til norske PEN, jobba i «Leser søker bok» og engasjert seg i Forfatternes klimaaksjon.

 

Foto: Tove Breistein

Det er ikkje uvanleg å uttale Brit Bildøens fornamn som Britt. Men ingen har høyrt henne verken klage eller protestere på dette, og det kjem vel av at ho har eit slikt mildt og behageleg vesen, at ho er snill og lun og sjølvoppofrande i litteraturen og ytringsfridomens teneste. Då romanen Mitt milde vesen kom ut i 2006, avslørte Bildøen at dette var noko ho fekk høyre ofte, at ho hadde eit slikt mildt vesen. På spørsmål frå Klassekampens journalist om romanen var sjølvbiografisk, eventuelt ein reaksjon på dette, sa Brit Bildøen nei. Det var berre det at ho hadde fått høyre det så ofte, og at ho tenkte det var ei fin setning som kunne brukast som romantittel. Likevel slutta ho intervjuet med å vedgå at det kunne vere irriterande å stadig høyre at ho er så mild: ”– Sier du det til en mann, er det nesten snakk om en kastrering, ikke sant? Jeg vil ikke være den milde. Fra nå av skal jeg være uforutsigbar og umulig!”

Og kanskje var ho det i sine neste to utgjevingar? Litterær salong frå 2009 vart i alle fall lansert på kvinnedagen med påstanden ”kvinners bøker teller ikke med” (Aftenposten, 4. Mars 2009). Brit Bildøen hevda då at kvinnelege forfattarar ikkje blei sett på same måte som menn, at dei ikkje fekk like mykje omtale, at dei ikkje like ofte blei nominerte til prisar og at dei risikerte misnøye frå store delar av kultureliten dersom dei fekk prisar – slik Elfride Jelinek opplevde då ho mottok Nobels Litteraturpris i 2004. Som svar på dette gav Bildøen ut ei samling tekstar om viktige kvinnelege forfattarar, blant andre Gertrude Stein, Carol Shields og Haldis Moren Vesaas. I det siterte intervjuet med Aftenposten, blei ho spurt om kvinners manglande sjølvtillit kunne vere ein del av problemet: ”Det er mulig vi må være mer skamløse og tydelige. Både når vi skriver og når vi presenterer oss i det offentlige rom. Gertrude Steins stormannsgalskap er kanskje ikke så sjarmerende, men den er absolutt noe å strekke seg etter.”

Brit Bildøens to siste utgjevingar, romanane Sju dagar i august frå 2014 og Tre vegar til havet frå i år, tematiserer kvinners framtoning – og kvinners sinne. Begge beskriv livskriser med påfølgande sterke reaksjonar frå hovudpersonane. Det er eit kraftig og talande bilete når Sofie i Sju dagar i august , kallar rosetoga etter 22. juli for «å feste eit lite Hello Kitty-plaster over eit gapande sår», og boka viser også Sofies store, undertrykte sinne etter å ha mista eit barn på Utøya. Kvinna i årets roman, Tre vegar til havet, reagerer på eit avslag på adopsjonssøknad med å forfølgje og terrorisere sakshandsamaren.

Sjølv om Brit Bildøen skriv om ei kvinne som lempar ein død katt på dørstokken til ein byråkrat, inviterer bøkene hennar først og fremst til refleksjon, ikkje emosjon. Dei er litterært solide, gjennomtenkte og sobre. Brit med lang I er ein sofistikert forfattar, som behandlar sine tema med språkleg og strukturell sikkerheit. Forfattarskapen er ikkje mild, men han sprett ikkje uføreseieleg rundt som ein ball heller.

Vi er stolte av å presentere Brit Bildøen som Festspeldiktar for Dei Litterære Festspela i 2019.

For Arbeidsutvalet, Olaug Nilssen

Dei Litterære Festspela vert arrangert i Bergen 23.-26. mai 2019

Her finn du liste over alle Festspeldiktarane frå 1988-2019