Arbeidsopphald i Covarrubias, Spania

Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Prinsesse Kristinastiftelsen har oppretta ei utvekslingsordning for spanske og norske kunstnarar og kulturarbeidarar. I Covarrubias er eit husvære stilt til disposisjon for arbeids- eller forskingsopphald for kunstnarar og kulturarbeidarar frå Hordaland. Det vil også vere mogleg med eit tilsvarande opphald i Bergen for spanske kunstnarar og kulturarbeidarar. Det er mogleg å søkje om opphald mellom 3 veker og to månader. Hensikta med ordninga er å vidareutvikle/styrke kontakten mellom spansk og norsk kulturliv.

covarrubias-logoer

Prinsesse Kristinastiftelsen har fått stilt til disposisjon eit husvære i den spanske landsbyen Covarrubias i staten Burgos. Hordaland fylkeskommune stiller Ambrosiahuset til disposisjon, i samarbeid med Bergen Bymuseum/Hordamuseet. I Spania vil ordninga bli administrert av Prinsesse Kristinastiftelsen, i samarbeid med Covarrubias kommune. I Hordaland vil ordninga bli administrert av Norsk Forfattersentrum Vestlandet på vegne av fylkeskommunen.

Byen og bustaden

Covarrubias er ein liten landsby med om lag 600 innbyggjarar i Staten Burgos, nordvest i Spania, og reknast som ein av dei best ivaretekne mellomalderbyane i Spania.

Prinsesse Kristinastiftelsen stiller eit husvære til disposisjon i Avenida Victor Barbadillo nr. 11 i Covarrubias.

Husværet er fullt utstyrt (med enkel standard). Det har ikkje verkstadsrom, spesialtilpassa atelier el.

covarrubias

covarrubias1 covarrubias2 covarrubias3

 

 

 

covarrubias4

covarrubias5

covarrubias6

Bilete frå byen. Foto: Ronny Skaar HFK.

Målgruppa

Målgruppa for tilbodet er kunstnarar, kulturarbeidarar og forskarar frå Castilla y Leon, Burgosregionen og Hordaland fylke. Med dette meiner vi til dømes kunstnarar innan alle kunstartar, kunsthandverkarar, omsetjarar, filologar, forskarar, m.v. Det kan søkjast direkte som privatperson eller via organisasjonar, universitet og høgskular, eller andre institusjonar.

Residenten er sjølv ansvarleg for sitt fagelege utbytte og opplegg. Dette tilbodet er i hovudsak eit høve til konsentrasjon og kontemplasjon i ein periode. Det inngår ikkje opplegg for nettverk i dette tilbodet, men Norsk Forfattersentrum Vestlandet/Hordaland fylkeskommune og Prinsesse Kristinastiftelsen/ Fellesskapet St. Olav er behjelpelig med å formidle kontaktar ut frå enkeltbehov. Det kan vere mogleg å etablere kontakt med større kunst, kultur- og kunnskapsmiljø i byen Burgos og i Bergen.

Det er ikkje stipend el. knytt til utvekslinga, og residenten står sjølv for finansiering av reise, kost og andre utgifter knytt til opphaldet. Det kan vere aktuelt at residenten må dekke utgifter til straum, vatn ol med opp til 50 Euro pr. veke.

Den gjestande kunstnaren må sjølv dekke sine eigne utgifter til reise og livsopphald. Det følgjer ikkje nokon stipendmidlar frå Hordaland fylkeskommune med å få innvilga opphald.

Det er ikkje krav om deltaking i lokale aktivitetar eller om produksjon

 

Om søknaden

Det er mogleg å sende søknad gjennom heile året, men handsaming og fordeling av tid vil skje to gonger i året. Informasjon om ordninga og søknadsinformasjon skal ligge tilgjengeleg på ulike nettsider. Frå spansk side vil tilbodet verta lyst ut gjennom ålmenne kommunale og regionale kanalar og nettsider, og retter seg i utgangspunktet ikkje til spesielle kunstorganisasjonar el.

Norsk Forfattersentrum Vestlandet forvaltar ordninga på vegne av Hordaland fylkeskommune og har ansvar for utlysning og tildeling. Dei har også fått i oppgåva å administrere tiltaket på norsk side. Dette inneber både arbeid med dei norske søknadene og søkjarane, samt å vere kontakt for dei spanske kunstnarane som kjem hit.

Etter opphaldet skal det leverast ein kort rapport med evaluering av opphaldet og vurdering av utbyte for residenten.

Utveljing av residenter

Hordaland fylkeskommune vil nemna opp ein komité, med ein representant frå Kultur- og Idrettsavdelinga, ein representant frå Norsk Forfattersentrum Vestlandet og ein uavhengig representant. Norsk Forfattersentrum Vestlandet er sekretariat for komiteen.

Prinsesse Kristina

covarrubias-prinsessen

Foto: Ronny Skaar HFK

Kristina vart fødd i Bergen som kong Håkon Håkonsson og dronning Margrete Skulesdotter sitt andre born og var søster av Magnus Lagabøter. Hausten 1256 kom ein spansk delegasjon til Tønsberg frå kong Alfonso X (den vise) av Castilla og León for å be om Kristinas hand som hustru for ein av hans brør. Kongen rådførte seg med erkebiskopen og “dei visaste menn”, i følgje Håkon Håkonssons saga. Håkon gjekk dermed med på å gifte bort dotter si til den ho og hennar følgjesveinar likte best.

Vel framme møtte dei kong Alfonso, som ifølgje sagaen rekna opp sine brør og skildra eigenskapane deira. Kristina og hennar norske rådgjevarar kom til at Don Felipe var det beste valet. Han vart rekna som den djervaste og sterkaste av brødrane.

Bryllaupet fann stad i stiftskyrkja Santa Maria la Mayor i Valladolid 31.mars 1258 “med så stor ære som det kunne være i det landet”. Kristina og ektemannen flytta sørover og busette seg i palasset Vib’arragel i Sevilla. Her døydde Kristina barnlaus fire år seinare.

I 1936 gav Magnus Grønvold ut ei bok med eit fotografi av det han antok var prinsesse Kristina sin sarkofag i korsgangen i klosterkyrka i Covarrubias.

Sarkofagen vart opna i 1952, i samband med restaureringsarbeid. Den inneheldt eit kvinnelik, og domprost Rufino Vargas fekk interesse for kvinna si identitet. I kyrkearkivet fann han eit manuskript frå 1756 der det stod at Don Felipe gravla si hustru, prinsesse Kristina, i Covarrubias.

I 1958 ble sarkofagen opna av ein offisiell undersøkingskommisjon. I sarkofagen fann ein leivningane av ei ung, sterk og høgreist kvinne i ein alder av 26–28 år. Frå kva ein elles visste, slutta komiteen at det var prinsesse Kristina som låg i sarkofagen. Prøvar av kledninga hennar er stilt ut i kyrkja.

 

Foto: Magnus Grønvold

Foto: Ronny Skaar HFK

Foto: Magnus Grønvold

Foto: Ronny Skaar HFK

 

 

 

Olavskapellet

Dei lange historiske banda mellom Covarrubias og Noreg blei styrka då det spansk-norske Olavskapellet vart opna i september 2011, der kulturminister og fylkesordførar var til stades. Kapellet har røter tilbake til 1258 då den norske prinsessa Kristina, dottar av Håkon Håkonsson, vart gifta bort til den spanske prinsen don Felipe. Den norske prinsessa fikk eit løfte om at det skulle reisast eit kapell til ære for Heilag Olav, men prinsesse Kristina døydde tidleg og løftet vart aldri innfridd. No etter 750 år, er kapellet realisert med hjelp av ei rekkje sponsorar og støttespelarar.

Frå bygging av Olavskapellet. Foto: Ronny Skaar HFK.

Frå bygging av Olavskapellet. Foto: Ronny Skaar HFK.

Stiftinga

For å halde i hevd minnet om den norsk-spanske prinsessa, vart Prinsesse Kristinastiftelsen oppretta i 1992 i Madrid, av Noreg sin ambassadør og sju representantar for norske firma i Spania. Hovudføremålet med stiftinga er å betre spansk-norske relasjonar gjennom kulturutveksling.

Landsbyen Covarrubias har stilt til rådvelde eit lite husvære til bruk for kunstnarar, kulturhistorikarar, kulturarbeidarar og andre kulturpersonar frå Hordaland. Prinsesse Kristinastiftelsen har pussa opp husværet slik at det held ein alminnelig god standar etter dagens norm. Hordaland fylkeskommune har delfinansiert oppussinga av huset.

Notas de Noruega (Norske Toner) i Covarrubias. 

Stiftinga organiserer høstkonsertar kvart år i samarbeid med den norske ambassaden i Spania, Covarrubias kommune og kyrkja, ei kulturell hending, der norske utøvarar vert inviterte til å halde konsertar i kyrkjerom i byen.

Andre kulturrom i byen benyttes til ulike utstillingar. Det er og fokus på norsk litteratur.

Sjå meir her http://www.covarrubias.es/noticias-eventos/eventos/notas-de-noruega-2016

 

Adressa til bustaden

Avenida Victor Barbadillo nr. 11.

Covarrubias i provinsen Burgos

Forslag til reiserute

Reisealternativ 1:

Til Madrid med fly og derfrå vidare til Lerma eller Burgos, med buss frå buss stasjonen Avenida de America i Madrid.

Reisealternativ 2:

Reise med fly til Bilbao, ein mykje enklare flyplass å komme til, og derfra med buss til Burgos (eventuelt Lerma)

Frå Lerma til Covarrubias (25 km.):

  1. Prinsesse Kristina stiftelsen kan enten ordne med privat transport, altså at vedkommande ringer og dei kjem og hentar
  2. Drosje (kostar i overkant av 20€) (telefon taxi: +34 670 41 77 53)

Mellom Burgos og Covarrubias går det rutebussar nokre gonger i døgnet:

Taxi frå Burgos til Covarrubias:

Taxi frå Burgos til Covarrubias kostar om lag 50€.

Søknadsfrist 1. november og 1. april

Svar kan forventast 6 veker etter søknadsfrist

Ditt navn (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Postadresse (obligatorisk)

Telefonnummer(obligatorisk)

Kort skildring av arbeidet og intensjon for opphaldet med døme på relevant arbeid - maksimum 1000 teikn(obligatorisk)

Legg ved CV