Skrivekurs med Ingrid Z. Aanestad

Treng du startkablar og inspirasjon til eiga skriving? Norsk Forfattersentrum og Ordkalotten inviterer til skrivekurs med Ingrid Z. Aanestad 7.-8. november, på Tromsø bibliotek.

Kurset går over to dagar med tre timar kvar dag. Deltakarane vil få tilbakemelding på eigne tekstar, og det blir utprøving av ulike inngangar til skriving i form av småoppgåver og igangsetjarar.

Deltakarane leverer to-tre sider tekst på førehand. Anten dikt, kortprosa eller utdrag frå lengre prosatekstar. Tekstane blir samla i eit kompendium som deltakarane får utlevert før kurset.

Deltakarane leverer to sider tekst på førehand. Anten dikt, kortprosa eller utdrag frå lengre prosatekstar. Tekstane blir samla i eit kompendium som deltakarane får utlevert før kurset.

Kurset har ti plassar.

 

Stad:  Tromsø bibliotek og byarkivs store møterom

Tid:     Laurdag 7. november kl. 13.00 -16.00 og
Søndag 8. november, kl.  11.00-14.00

Pris:   1500/1300 (Medl. Norsk Forfattersentrum eller student)

Påmelding:   innan 25. oktober til ingvild.holvik@forfattersentrum.no

Frist for å sende inn tekst: 1. november

Arrangerast av Norsk Forfattersentrum i samarbeid med Ordkalotten og Tromsø bibliotek