LITTERATEN: Klassikarpils på Amtmandens. Ragnar Hovland og Øystein Vidnes om Emilys Brontës Stormfulle høgder og Hovlands kanon.

Lyst til å bli betre kjent med ein av dei største romansuksessane til alle tider?  Ragnar Hovland og Øystein Vidnes har nyleg omsett Wuthering Heights til nynorsk og besøker Litteraten for å samtale om bragda og boka.

Wuthering Heights (1847) er den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda, om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer.

Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til Stormfulle høgder har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bush’ song «Wuthering Heights».

Romanen er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og Ragnar Hovland. At det er nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon.

Hovland gav hausten 2019 ut essaysamlinga Litt betyr det no likevel, der han skriv om tekstar frå sin personlege kanon. Ein skal ikkje sjå bort i frå at samtalen kan dreie innom og bøker du enno ikkje visste at du har god lyst til å lese.

Øystein Vidnes (f. 1976) er designar, forfattar, omsetjar og illustratør, basert i Leikanger i Sogn. Vidnes har vunne fleire prisar i kåringa Årets vakraste bøker. Omsetjinga hans av Robert Musils Tre kvinner i Skalds klassikarserie blei premiert med Kritikarprisen for beste omsetjing 2017.

 Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Litteraten er støtta av Fritt ord og Norsk Forfattersentrums medlemsfond

Gratis inngang!