Kritisk kritikk på Forfattersleppet

Panelsamtale om litteraturkritikk.

Kritisk kritikk på Forfattersleppet

Tolar kritikarane kritikk?

Tomas Espedal gjekk hardt ut mot tidsskriftet Vinduet då Preben Jordal gav ut si første utgåve som redaktør. Det blei rabalder! I dei siste åra har vi sett fleire eksempel på forfattarar som tek til motmæle mot bokmeldingar, både i sosiale medier og som svar til avisenes debattsider. Bergens Tidende og litteraturkritiker Silje Stavrum har lansert nyvinninga "anmelderintervju", der forfattaren får svare på meldarens innvendingar. Prosjektet fekk kritsk motbør før det var påbegynt, frå toneangivande bokmeldar Bernhard Ellefsen i Morgenbladet og redaktør for Bokmagasinet i Klassekampen, Karin Haugen.

Toler kritikarane kritikk? Kan forfattarar svare på bokmeldingar? Kva er god kritikk, sett frå ein forfattars synsvinkel?
Vi inviterer Marit Eikemo, Tomas Espedal og Chris Tvedt til samtale om kritikk og til å diskutere Ivo de Figueiredo si melding av Vetle Lid Larsens sjølvbiografiske roman Kunsten å elske en far - og overleve. Tittelen på bokmeldinga er "Kunsten å knause".

Laurdag 3. oktober kl. 20.00 på Litteraturhuset i Bergen
kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Billettsal, frå onsdag 9. september hos Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41 fram til 1 time før arrangementet. Du kan også kjøpe billetter i døra. Norli sel forfattaranes bøker under arrangementet.

Forfattersleppet er støttet av

støttet av

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa