Korleis fortelje ei historie – kurs med Brit Aksnes

Har du lurt på korleis du kan fortelje den eine historia du har hatt på hjartet så lenge? Eller kanskje du har fleire historier på lager som du lurer på om andre vil høyre? Kva er eigentleg ein god idé? Og, korleis vil du formidle forteljinga di? Som bok? Blogg? Podkast?

 

Brit Aksnes er programskapar, og leverer historier til NRK (Ekko og Radiodokumentaren). Her finn du siste programmet Brit har laga for Ekko: «Sverre vil dø» Ho gav i 2018 ut si fyrste bok, Mannemenneske (Pelikanen forlag), basert på samtalar med menn. Tidlegare jobba ho som redaktør i Skald forlag. Ho er også fast filmmeldar i Dag og Tid.

Over tre kveldar vil Aksnes ta for seg inspirasjonskjelder, metodar, eigne erfaringar og tips til kva slags medium som kan høve for di historie. Deltakarane vert oppfordra til å tenkje godt gjennom idear, og kva som gjer ein god start på ei historie. Kanskje er det nokon andre sin barndom du skal fortelje om, ikkje din eigen?

Ein del av kurset vil dreie seg om deltakarane sine skriveprosjekt. Det vert forventa at deltakarane deler både tekstutdrag og prosjektbeskriving. På grunn av smittevernomsyn i samband med Covid-19 har kurset berre plass til 10 deltakarar.

Tidspunkt: Onsdag 21. oktober, 28. oktober og 4. november, kl. 18.00 til 21.00
Stad: Norsk Forfattersentrum Vestlandet sitt kontor i 4. etasje, Litteraturhuset i Bergen
Kursavgift: 1200,- (ordinær) 1000,- (student og medlemmer i Norsk Forfattersentrum)

Kurset er fulltegnet