Festspeldiktar 2014 – Frode Grytten

Frode GryttenKa e det med Frode Grytten?

«Hva er det med Odda, dette nitriste stedet innerst i Sørfjorden, knuget av høye fjell, som er i stand til å få frem slike dyktige forfattere?»

Med dette sitatet frå Arvid Bryne i Dagbladet, presenterer Litteratursymposiet i Odda seg sjølv. Litteraturfestivalen spring ut frå Frode Gryttens forfattarskap.  Han dikta Odda inn i litteraturhistoria i 1999 med romanen Bikubesong. Alle historiene i boka hadde rot i den karakteristiske Murboligen, som ligg midt i Odda sentrum. Romanen plasserte Odda på kartet med eit kraftig raudt merke rundt, og tematiserte samstundes Noreg som eit falmande industrisamfunn. Karakterane og relasjonane i boka engasjerte eit stort publikum, og boka blei omsett til ei rekke språk og omforma til ei storslått teaterframsyning som blei vist og bejubla og vist igjen på Det Norske Teatret i Oslo og i Lindehuset i Odda.

Ka e det med Bikubesong?

Då boka kom ut i 1999, var smelteverket framleis i drift. No har det vore nedlagt i over ti år, og lokalsamfunnet diskuterer så busta fyk kva dei skal gjere med ruinane av den store fabrikken. Under Litteratursymposiet kan Frode Grytten likevel framleis vise publikum rundt på alle stadene romanen omtaler. Det Norske Teatret kunne sette opp ønskereprise av teaterversjonen så seint som i 2013, med ny kritikerjubel og med så stor tilstrøyming av publikum at det blei ekstraframsyningar. Bikubesong har blitt ein moderne klassikar, eit verk for litteraturhistoria og eit viktig referansepunkt for historiebøker om Noreg.

Så lenge etter er det pussig å tenke på korleis få hadde høyrt om Frode Grytten då han tok imot Brageprisen og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Bikubesong i 1999. Han debuterte alt i 1983 med diktsamlinga Start, og gav ut fleire novellesamlingar på 80- og 90-talet, samstundes som han jobba som journalist i Bergens Tidende. Kva som kom etter Bikubesong, veit dei fleste meir om. Dei siste åra har Frode Grytten markert seg på ei rekke ulike område – først og fremst som forfattar med novellesamlingar som Popsongar og Rom i byen og romanane Flytande bjørn, Saganatt og Brenn huset ned, men også som humorist, som kunstkjennar og som musikkentusiast. Han formidlar sine interesser og kunnskapar gjennom både skjønnlitteratur og essays, og ikkje minst på scena med parodiar, sjølvutvikla humoristiske karakterar og litterærmusikalske prosjekt. Det er stor formidlingsglede i desse sideprosjekta, som også er kjenneteikna av høg kvalitet og seriøse samarbeidspartnarar. Barnebøkene til Grytten lever også i beste velgåande, skapt i samarbeid med biletkunstnarar og formidla i samarbeid med musikarar når dei også ut til eit stort publikum av både barn og vaksne.

Frode Grytten er raus og inkluderande, men kan også seie tydeleg ifrå, om det no er late journalistar eller uvitande politikarar som har blamert seg. Han har ein skarp penn og det svir når han rammar. «Eg er mot biografiar, det er se og hør for intellektuelle» sa han i ei forfattarforelesing i 2008, og gav med dette sitt spissformulerte bidrag til ein debatt som framleis er aktuell.

Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band.

Han sluttar heller aldri å utfordre seg sjølv. 14. desember 2011 skreiv han sin første tweet. «Grunna for mykje underkjølt regn over ein lengre periode har mann (57) valt å avslutte sitt engasjement på denne kloden.» Då Frode Grytten avslutta sitt engasjement på twitter 4. juni 2013, hadde han skrive 568 liknande mininoveller til 29 536 følgjarar.

Ka e det med Frode Grytten?

Frode Grytten er ein forfattar som bidrar. Han er ein forfattar som blir lest. Han er ein forfattar som blir kritikerrost. Han er ein forfattar som det blir skrive særemne om. Han er ein forfattar som vil bli hugsa.

Dei Litterære Festspela – Program (pdf)