Festspilldikter 2010 – Hanne Ørstavik

Ill. Tønnes H. Gundersen

Årets festspeldiktar er født i 1969, debuterte i 1994 og kom i fjor (2009) med 48 rue Defacqz, den niande romanen i rekka av 12 bøker så langt. Romanen opnar slik: ”HVEM ER DET SOM SNAKKER? / Jeg vet ikke. / (stille) / Jeg ser huset, noen av rommene. Fortauet, gaten utenfor. Figurene som kommer til syne. Det er alt.” Romanopninga viser ein veg inn i romanen som ikkje er rett og klår, den peikar heller mot noko ubestemt, ope og diskutabelt, til liks med fleire av Hanne Ørstaviks andre bøker. Ørstavik nærmar seg romanen ved å la eg-karakteren kalle fram scene og figurar, som om romanens innhald må lokkast ut med nyfiken interesse og respekt. Dette seier også noko om ei haldning Ørstavik har vist sidan debutboka Hakk, som handlar om å utforske grenser, både i høve til språk og røynd; det er bøker med eit språk som er stødig og utan store ord, men som gjerne uttrykkjer motsatsen, det ustødige. Hjå Ørstaviks romankarakterar kan ein ofte ane ei underliggande uro, som om dei er i fare, som om liva og handlingane deira alltid står i høve til ein viss risiko, det er noko som står på spel.

Ei slik romanopning kan også peike på lesaren, minne oss om at lesing kan ha sine utfordringar og krevje eit stort frimot av oss. Og her er vi ved ein viktig kvalitet ved Ørstaviks forfattarskap, evna den har til å utfordre lesaren i oss, og eggje til refleksjon og diskusjon. Å lese Hanne Ørstaviks romanar gjev stundom kjensla av å vere med på ein samtale om romanen, om kva romanen kan vere, kva den kan gjere, ein diskusjon som ofte har blitt ført vidare utanfor romanen, og som vi med dette ynskjer å halde fram.