Festspeldiktar – 2008 Ragnar Hovland

Ill. Tønnes H. Gundersen

Det er med glede Norsk Forfattersentrum Vestlandet kan presentere Ragnar Hovland (f. 1952) som Festspeldiktar 2008. ” Ved ein blindtest ville han ha blitt avslørt med ein gang” har ein kjend norsk kritikar sagt om Ragnar Hovland. Hovland er den norske kultforfattaren framfor nokon. Ironisk naivisme og kvardagsleg surrealisme, er nokre av merkelappane ein kan setje på Ragnar Hovlands litterære univers.

I 1979 debuterte han med romanen Alltid fleire dagar. Sida har han gitt ut over førti romanar, skodespel og barnebøker, romanar, noveller, skodespel, dikt for barn. I tillegg kjem gjendiktingar og utgjevingar Hovland har vore medforfattar på. Han er omsett til mange språk, men har særleg hatt gjennomslag i Tyskland. Ragnar Hovland har vunne ei rekke litterære prisar, mellom anna Kritikarprisen 2006 for ”Fredlaus”, og i 2001 for Ei vinterreise. Med Ei vinterreise (2001) nådde Hovland også eit nytt og større publikum. Her føl vi Hovlands eigen kreftsjukdom i dagboks form, samstundes som ei parallell historie utfaldar seg der predikanten Lindemann fartar rundt med andre eksentriske eksistensar og leitar etter sin tapte kjærleik frå ungdommen.

Allereie frå starten av forfattarskapen markerte Hovland seg med si særmerkte blanding av humor og alvor, og høg og lågstil. – Humor utan alvor er uinteressant, det eine er ein forutsetnad for det andre, seier Ragnar Hovland sjølv. Forfattaren let romankarakterane bevege seg i ei verd som er ei blanding av hans eigen oppvekst i Sogn og amerikanske filmar. Alltid i ei surrealistisk innpakning. Det filmatiske er alltid sterkt til stades i tekstane der vi møter karakterar som befinn seg i ei slags draumeaktig verd. Men det er ei grad av realisme innanfor dette draumeaktige universet. Her kan det like gjerne skje at hovudpersonen drikk kaffi eller et ferdigpizza, eller som her: ”Vi køyrde vidare i stillheit, og forbi ein stille og grøn kyrkjegard. Eg kunne sjå eit par døde som hadde stige opp frå grava for å få seg litt sol. Dei sat på kvar sin gravstein og dingla med dei tynne føtene.” (Sveve over vatna 1982).

Hovlands romankarakterar tar det merkelege heilt naturleg, medan det kvardagslege blir forunderlig. Og det å ete frukost er like merkeleg som at ein profet dukkar opp i skogen, som til dømes for hovudpersonen i ungdomsromanen Fredlaus.

Dei fleste av Hovlands romanpersonar er vulgære vestlendingar med intellektuelle sidehobbyar. Waglen til dømes, frå Dr. Munks testamente (1996), er ein klassisk Ragnar Hovland-helt. Han sel kannibalvideoar, samstundes som han er svært oppteken av Dostovjevskij. Dei vulgære vestlendingane er tidvis sentimentale, men tar avstand frå sin eigen sentimentalitet. Slik ser Ragnar Hovlands forfattarskap ut til å vere driven fram av paradoksar. Hovland har blitt kalla norsk litteraturs svar på stumfilmstjerna Buster Keaton. For øvrig er han den første festspeldiktar som har toppa VGs topp 20-liste, med ein tekst frå Elefantmusikken (1985)!