Festspilldikter 2006 – Ingvar Ambjørnsen

Ill. Tønnes H. Gundersen

Er det fordi han er allsidig, ujålete og jordnær? Er det fordi han ikkje er redd for å skrive for barn og ungdom, fordi han ikkje er redd for å skrive ei kommentarspalte i VG, fordi han ikkje er redd for å skrive varmt og venleg om dei som ikkje er som alle andre, det vere seg rusmisbrukarar, psykiatriske pasientar eller sosialt klønete?

Eller er det fordi han er populær? Fordi han har mange lesarar, og også har nådd fram til publikum via filmatiseringar og dramatiseringar av bøkene om Pelle og Proffen og bøkene om Elling? Fordi mange av bøkene hans er omsette til andre språk? Er Ingvar Ambjørnsen festspeldiktar i Bergen fordi han er så til dei grader udødeleggjort gjennom humoristen Harald Eia sin parodi på karakteren Lena frå Døden på Oslo S?

Alt dette har noko å seie for utveljinga av Ingvar Ambjørnsen som festspeldiktar i Bergen i 2006. Men det aller viktigaste er at Ingvar Ambjørnsen er ein svært god forfattar, og at han har vore det lenge. Ambjørnsen er stilsikker i alt han føretek seg, og særleg i dei siste bøkene har han kome med historier der hovudpersonane sin desperasjon er formidla med ein mørk intensitet som sit igjen i lesaren lenge.