Festspeldiktar 2000 – Kjartan Fløgstad

Ill. Tønnes H. Gundersen

Den første boka til Kjartan Fløgstad (f. 1944) var ei diktsamling og kom ut i 1968. Sidan har han skrive ei rekkje bøker; romanar, noveller, kriminallitteratur, dokumentarbøker og essays. Han har omsett poesi og skjønnlitteratur, spesielt frå Latin-Amerika, m.a. Pablo Neruda og Julio Cortazar. Kjartan Fløgstad vert i dag rekna for å vera ein av dei viktigaste forfattarane i Noreg med stor gjennomslagkraft.

Ein ny Fløgstadroman er ei storhending i skandinavisk åndsliv. For romanen Dalen Portland (1977) fekk han den mest prestisjetunge litterære prisen i Norden, Nordisk Råds Litteraturpris (1978). Romanane hans er sette om til fleire språk, m.a. tysk, engelsk og fransk.

Fløgstad sine romanar ber tydelege spor av globalt samvit og ei sterk solidaritetskjensle med alle som er undertrykte. Eit anna viktig trekk ved Fløgstad som forfattar, er den kompromisslause viljen hans til å forstå og utlevera dei historiske kreftene som skapte det industrielle og postindustrielle samfunnet. Dessutan har han ei sterk tru på at den store kunnskapsrikdomen og den uerstattelege livsvis­domen er å finna i dei ulike formene i populærkulturen, både den tradisjonelle og moderne. Likevel er romanane hans langt frå sosiologisk keisemd – dei er frodige, vittige og stillistisk oppfinnsamme, nokre gangar nesten rabelaiske i utforskinga av situasjonar og handlingsmønstre som ein vanlegvis ville sjå på som groteske eller ekstreme. Andre gangar hyller historiene mennesket si evne til overleving og det å villa skapa seg ei framtid.

Ein roman av Kjartan Fløgstad har ein rik struktur ­plattforma hans er kunnskap og fantasi, og verktøyet han nyttar er mangfaldig: Myter, eksakt teknologisk kunnskap, sosiologiske teoriar, satire, ironi, ordspel, tradisjonane til den pikareske renessanseromanen, moderne kriminallitteratur, modernistisk poesi, slang og ulike former for dialektar, freidige historier frå sjømenn og arbeidarar. Sjølv om romanane hans er vevde intrikat saman av meining og lingvistisk utforsking av røynda, er dei alltid dominerte av gleda ved å fortelja ei god historie.

Kran og mynt. Eit veddemål (1998) er den siste romanen til Fløgstad. I 1999 kom Eld og vatn, som er historiene om norske utvandrarar i Sør-Amerika. Nyleg skreiv han farsen Evig varer lengst som i desse dagar vert spelt på Det Norske Teatret i Oslo. Grenland Friteater har premiere i juni på eit stykke basert på romanane Fyr og flamme og Dalen Portland.