Wergelands åre 2016

Wergelands åre 2016 blir tildelt Helge Torvund. Han har eit langvarig arbeid bak seg som diktar og driv ei storstilt og raus formidling av eigne dikt, diktleksjonar og skrivekunnskap via nettet. Gjennom sosiale media og som kritikar når han mange. Hans digitale iver smittar også over på papirpoesien. I år er han aktuell med samlinga Alt brenner (no i tredje opplag!), samt hyppige oppdateringar på Facebook, Twitter, diktkammeret.no og filosoFISK.

Foto: Morten Brun/Aschehoug

Foto: Morten Brun/Aschehoug

Ord er underlege saker, skriv Helge Torvund: «Dei kan vera lenge undervegs før dei treffer deg, og du kan vera lenge undervegs til orda før du finn dei.» Torvund slo opp på ei tilfeldig side i ei lita bok om Buddha, i ein liten bokhandel på Jæren, og der sto det to ord: «Alt brenner». Det lydelege fall på plass, tittelen Alt brenner nikka så fint til Alabama? og Alt er høy, tidlegare bøker av Torvund.  Alt brenner er ein hyllest til litteraturen, til skaparkrafta, ja, forlaget kallar boka eit ambisiøst, totalpoetisk prosjekt. Her finn du ei rekkje samtalar med andre kunstnarar, som peikar på kva Torvund er inspirert av, men som også avslørar styrken hans som raus diktarkjempe med empatiske trådar igjennom blikket og inn i språket.

Wergelands åre er ein poesiformidlingspris som Norsk Forfattersentrum deler ut annakvart år. Helge Torvund (f. 1951) er forfattar og psykolog og bur på Ogna i Rogaland. Han debuterte i 1977 med Hendene i byen. Han har mellom anna mottatt Samlagsprisen, Rogaland fylkes kulturpris og Herman Wildenveys poesipris (no i år). Som formidlar er han særleg kjent for gjerninga som skrivelærar i poesi på nettet. Gjennom 15 år har han kommentert, tipsa og utvida språkhimmelen på «Diktkammeret», først gjennom Dagbladet, no på eiga nettside diktkammeret.no

Prisen blir utdelt tirsdag 21. juni kl. 13.00 på Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, Bryne. Prisvinnaren vil vera tilstade og blir bokbada av Eirik Ingebrigtsen

 

Helge Torvund får Wergelands åre 2016
Norsk Forfattersentrum gratulerer!

Her finn du tidlegare prisvinnare