Wergelands åre 2014 til Annelita Meinich

Annelita Meinich, Foto: Guri Sørumgård Botheim

Annelita Meinich, Foto: Guri Sørumgård Botheim

Wergelands åre 2014 er tildelt Diktafon i NRK P2 ved Annelita Meinich. Annelita Meinich har som redaktør for programposten utmerkt seg ved å presentera eit breitt spekter av forfattarar på ein grundig og entusiastisk og måte. Ho har sidan 1990-talet vore aktiv som kulturjournalist i NRK, og har vist ei særleg interesse for poesiformidling.

 

Annelita Meinich fekk overrekt åra måndag 16. juni på Litteraturhuset i Oslo. Styreleiar Per Olav Kaldestad heldt tale for Annelita Meinich. Annelita heldt sjølv eit inspirerande innlegg om arbeidet sitt og om norsk samtidspoesi. Vi fekk dessutan fine musikalske innslag frå døtrene til Annelita. Steinar Opstad las eigne dikt. Ellen Horn las og takka prisvinnaren. Mange møtte opp for å heidre prisvinnaren.

Styreleiar Per Olav Kaldestad har skrive eit debattinnlegg i Aftenposten i samband med prisutdelinga

POESIEN UTVIDAR SPRÅKET

Av og til kjem det ei diktbok som straks får merksemd i vide krinsar og blir omfamna både av kritikarane og ei stor lesargruppe. I nordisk samanheng hende dette i fjor med boka Yahya Hassan av danske Yahya Hassan. Den selde godt over 100 000 eksemplar og er omsett til norsk og fleire andre språk.

I denne boka fører Hassan ordet og framstiller sitt eige vanskelege liv i eit muslimsk miljø i Danmark frå barndom til tidleg manndom. Boka viser kor effektiv poesien kan vera når det subjektive blir framstilt i eit myndig og konsist språk: Ei privat erfaring er gitt eit uttrykk som gjer den til ei allmenn sak.

Poesien handlar om språket og det personlege forholdet til språket. I diktet blir eit emne framkalla i ord som er utsøkte med omsyn på klang, rytme, bilde og meiningsplan. Eit dikt kan såleis ikkje omtalast eller forklarast: Det uttalar seg sjølv.

Den som vil formidla poesi, må ta utgangspunkt i dette. Arbeidet går ut på å utvikla føresetnader for at lesaren skal nærma seg og gå inn i dei ulike tekstane. Norsk samtidspoesi viser då også ein variasjon som er større enn før: Diktbøkene har eit spenn frå det dokumentariske til det fabulerande og frå det andektige til det humoristiske som me ikkje har sett her til lands tidlegare. Dei viser at diktet er den mest disiplinerte og konsentrerte forma for språkbruk – og dei demonstrerer til fulle at det gode diktet samtidig har ein villskap i seg som utvidar språket. Gode eksempel blant mange er bøkene til Eldrid Lunden, Terje Dragseth, Anne Bøe, Steinar Opstad, Gunnar Wærness, Vemund Solheim Ådland, Kristin Auestad Danielsen og Ruth Lillegraven.

I dagens medieverd er emnet og synsvinkelen avgjerande for store oppslag og popularitet. Dette er utan tvil noko av grunnen til Yahya Hassans umiddelbare suksess.

Men nokon må også peika på den språkleg nyskapande poesien.  Det er såleis nødvendig med gode formidlarar i ulike fora og medium. I samband med den føreståande utdelinga av Norsk Forfattersentrums poesiformidlingspris Wergelands åre mottok vi eit førtitals forslag på personar og institusjonar som gjer ein stor og oppfinnsam innsats her – gjennom eigne festivalar, bokhandlarar, på kafear, i fengsel, gjennom skrivekurs for unge og eldre i og utanfor skulen – og mange av dei kunne fortent ein pris.

Wergelands åre 2014 går til Diktafon i NRK P2 ved programleiar Annelita Meinich, som i mange år har presentert eit breitt spektrum av gode diktarar på ein grundig og entusiastisk måte. Norsk Forfattersentrum vil med dette også framheva poesien som oppleving, gjennom forfattarane sine opplesingar og gjennom samtalar med dei om korleis dei tenkjer. Vår erfaring er at det direkte møtet med forfattaren og teksten fører til at mottakarane blir meir opne for nye litterære uttrykk.

Stein Mehren formulerer poesiens styrke på denne måten i diktet ”Hva er ømhet?”:”Noen ganger kjenner jeg pusten / av noe stort og levende i språket.”

Dette innlegget var trykt i Aftenposten juni 2014

Wergelands åre er ein heiderspris innstifta av Norsk Forfattersentrum. Den blir tildelt ein person eller institusjon som har bidrege sterkt til forståing, formidling og synleggjering av poesi. Prisen er knytt til eit par velbrukte roårer, som ein meiner er årene Henrik Wergeland brukte å oppbevara saman med eit segl i Grei Kafé i Skippergaten i Oslo. Båten fortøydde han utanfor. På kafeen møtte han si framtidige kone, Amalie Sofie Bækkevold. Den eine åra er permanent utstilt i Grei Kafé, den andre ambulerer mellom prisvinnarane. Prisen blei første gong delt ut i 1997 og blir til vanleg delt ut annakvart år.

Tidligare prisvinnarar er Turid Birkeland (1997), Oslo Sporveier – dikt underveis (1999), Dagbladet – diktbasen (2001), Volapük (2003), Erling Kittelsen (2005), Jan Erik Vold (2008) og Hanne Bramness (2012).

Meir informasjon:
Per Olav Kaldestad, styreleiar i Norsk Forfattersentrum
Tlf.: 924 35 253
E-post: pokaldestad@hotmail.com