Ill. Tønnes H. Gundersen

Også i år tar litteraturen skrittet ut i byen;
under Forfattersleppet fylles høstkveldene opp av forfattere
som forlater sine skrivestuer og lesere som forlater godstolene.
Og i disse møtene gjøres bøkene levende, tilgjengelige, rause.
For ikke et øyeblikk må vi glemme at romanene og novellene og diktene
vi leser, sier oss noe om mennesket, om oss selv og våre liv.
Og at litteraturen er det nærmeste vi kommer livet.
Velkommen til årets litterære høydepunkt!

 

Onsdag 4. oktober 2017

kl. 11.00 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Seminar – Vi presenterer årets barne- og ungdomsbøker for lærere og bibliotekarer.

Anne Karin Fonneland, Anders Totland, Atle Hansen, Hilde K. Kvalvaag, Per Olav Kaldestad, Arnfinn Kolerud, Vegard Markhus, Linda Klakken og Josef Tzegai Yohannes. Konferansier Per Knutsen.

Gratis inngang

Påmelding: www.forfattersentrum.no

I samarbeid med Fagavdeling barnehage og skole, Bergen kommune og Hordaland Fylkesbibliotek.

 

kl. 19.00 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Røff guide til samtidslitteraturen 1:

Oppdateringar frå lykkelandet. Foredrag med forfatter og kritiker i NRK Marta Norheim.

kr 85/55 (stud)

Arr. Litteraturhuset i Bergen, klikk her for billetter

 

Torsdag 5. oktober 2017

kl. 18.00 Alver, Litteraturhuset

Nye stemmer, debutanter og poesikonsert

Sondre H. Bjørgum, Siri Økland, Fredrik Stenhjem Hagen, Marie Landmark, Helene Hovden Hareide, Lisa Him-Jensen, May Therese Vorland og Mari J. Nilsen.

Poesikonsert med Hjorthol / Barth / Vaage
Lars Amund Vaage – opplesing, Andreas Barth – perkusjon, elektronikk, Geir Hjorthol – trompet, elektronikk

kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Billettsalg hos Norli Strandgaten, tlf: 404 34 544 frem til to timer før arrangementet, eller i Boksalongen Litteraturhuset. Billetter selges også i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementet.


kl. 20.00 Norli Strandgaten

Bok og Bar

Helga Flatland, Mette Karlsvik, Agnes Ravatn og Carl Frode Tiller. Forfatter og DJ Henning H. Bergsvåg loser oss gjennom kvelden.

Gratis inngang

 

Fredag 6. oktober 2017

kl. 19.00 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Kort og godt en helaften

Kristian S. Hæggernes, Lars Amund Vaage, Maia Kjeldset Siverts (debutant), Jan Kristoffer Dale og Gaute Sortland.

Musikk: Bergen Mandolinband

kr 85/55 (stud.)

Arr. Litteraturhuset i Bergen, klikk her for billetter

Lørdag 7. oktober 2017

kl. 11.00-15.00 Alver, Litteraturhuset

Lillelørdag

Et drop-in tilbud til hele familien med høytlesing, grøt og saft.
kr 30 (Alder: opp til 8 år)
Arrangør: Litteraturhuset i Bergen
Billetter selges i døren

kl. 13.00 Olav H. Hauge

Timothy mister seg sjølv

Forfattertreff for barn med Vegard Markhus.

Arrangør: Litteraturhuset i Bergen
Gratis inngang

kl. 14.30 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Identitet

I Thure Erik Lunds roman smelter liv og skrift, litteratur og landbruk sammen i en eneste tekstmasse. For hvor utspekulert er skriften? Og er det egentlig så stor forskjell på småbrukertilværelse og skriving? Identitet, tja. Hva er det? Thure Erik Lund i samtale med Frode Helmich Pedersen.

kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Billettsalg hos Norli Strandgaten, tlf: 404 34 544 frem til to timer før arrangementet, eller i Boksalongen Litteraturhuset. Billetter selges også i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementet.

kl. 16.00 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Poesi – opplesing

Bente Bratlund, Sindre Ekrheim, Eivind Sudmann Larssen, Pedro Carmona-Alvarez, Truls Horvei, Paal Maage Elstad, Hanne Bramness og Cecilie Løveid.

kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Billettsalg hos Norli Strandgaten, tlf: 404 34 544 frem til to timer før arrangementet, eller i Boksalongen Litteraturhuset. Billetter selges også i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementet.

kl. 18.00 Boksalongen, Litteraturhuset

Krim – Opplesing og presentasjon

Per Jan Ingebrigtsen, Rune Timberlid og Jørgen Jæger.

Gratis inngang

kl. 18.00 Alver, Litteraturhuset

Nordiske polyglotter

 

Avlyst

kl. 19.30 Olav H. Hauge, Litteraturhuset

Prosa – opplesing og bokbad

Geir Olav Jørgensen, Odd W. Surén, Tormod Haugland, Olaug Nilssen, Øyvind Vågnes og Lars Ove Seljestad.

Erlend O. Nødtvedt i samtale med Chris Tvedt.

kr 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Billettsalg hos Norli Strandgaten, tlf: 404 34 544 frem til to timer før arrangementet, eller i Boksalongen Litteraturhuset. Billetter selges også i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementet.

Forfattersleppet arrangeres med god støtte fra

FORFATTARANE

Henning Bergsvåg

Foto: Helge Skodvin

er ein bergensk poet med mange jarn i elden. Han er skapar av og leiar for Poesidigg på Café Opera, og jobbar med litteratur i samarbeid med mange ulike kunstformer, som film, dans og drama. Hans siste bok er den kritikerroste Du er ikke her frå 2016.

Sondre H. Bjørgum

Foto: Gyldendal

debuterer med diktsamlinga Fyrste gong me møtest som snø. Han er utdanna tekstforfattar frå Westerdals reklameskule og dokumentarfilmregissør frå Høgskulen i Lillehammer.

Hanne Bramness

Foto: Tine Poppe

er i år aktuell med si tiande diktsamling. Den heiter Fra håpets historie. Bramness er forfattar, gjendiktar og redaktør, i tillegg til at ho driv forlaget Nordsjøforlaget, der ho gjev ut omsett poesi frå land rundt Nordsjøen.

Bente Bratlund

Foto: Privat

skriv bøker for både barn og vaksne. Ho debuterte i 1977 med diktsamlinga Lukkeleg båt, og har sidan skrive ei lang rekke bøker. I 2010 kom Besatt av demoner. Boka handlar om Bratlund som ei tid i ungdommen høyrde til ein kristen kyrkjelyd som dreiv med demonutdriving. I år er ho aktuell med Her er eg no. jubileumsdiktsamling – 40 år og 40 dikt og barneboka Svikta.

Pedro Carmona-Alvarez

Foto: Eva Lene Gilje Østensen

er ein svært produktiv forfattar og musiker. Han gir ut både prosa og poesi, og gir ut musikk både som soloartist og som deltakar i ulike bandprosjekt. I fjor kom romanen Bergen ungdomsteater og i år har Carmona-Alvarez levert diktsamlinga Buktalerens rike Dikt 1997-2017.

Jan Kristoffer Dale

Foto: Kjersti Sletteskog

er oppvokst i Froland, og bor i dag i Grimstad. Han har jobbet på bryggeri og er tidligere student ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Han har publisert flere noveller. Arbeidsnever er hans første bok og ble tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris 2016 og Sørlandets litteraturpris 2017.

Ingri Egeberg

Foto: Privat

biletkunstnar, teiknar, grafikar og forfattar med meir enn 60 separatutsillingar og som sidan 1983 har gjeve ut meir en 30 bøker.

Sindre Ekrheim

Foto: Tove K. Breistein

er forfattar og litteraturkritiker. Han kjem i år med si tredje diktsamling, som har fått tittelen Rangsøles. Litofaniar. Han debuterte i 2010 med diktsamlinga Sjøen hugsar ingen barndom og følgde opp med samlinga Ho kjem fram i regnet i 2013. Ekrheim skriv om norsk poesi på nettstaden humbaba.no.

Paal Maage Elstad

Foto: Renate Espe Aase

blei kortlista til Tarjei Vesaas debutantpris med diktsamlinga Kun en liten del av universet i 2015. No følgjer han opp med ny diktsamling, som har fått tittelen Lysmøkk. Maage Elstad kjem frå Odda og bur i Bergen.

Helga Flatland

Helga Flatland Foto: Niklas Lello

har i haust hatt stor suksess med sin kritikerroste roman En moderne familie. Ho debuterte med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og Aschehougs debutantstipend, og vann ungdommens kritikerpris for debutboka. Sidan har ho gitt ut fleire romanar og ei barnebok.

Fredrik Stenhjem Hagen

Foto: Linn Heidi Stokkedal

er eit kjent ansikt for litteraturinteresserte i Bergen. Han har vore redaktør for fanzina Forsvinningspunkt, og er leiar for Lyrikksalong på Litteraturhuset. Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg er hans første bok.

Tormod Haugland

Foto: Helge Skodvin

gir i haust ut romanen Om dyr og syn, og han har allereie rukke å få strålande bokmeldingar. Han debuterte i 1994 med Under og har gitt ut ei lang rekke bøker i ulike sjangrar.

Kristian S. Hæggernes

Foto Eva Lene Gilje Østensen

er Bergens mest produktive forfattar. Han debuterte i 2004 med diktsamlinga Tyngde av fallende skygge og har seinare gitt ut både noveller og romanar, i tillegg til eigenproduksjon av serien Jenter fra Bergen. I år er han aktuell med novellesamlinga Ida & Oda og andre fortellinger.

Truls Horvei

Foto: Kari Stautland

er forfattar og journalist, busett på Stord. Han debuterte i 1988 med diktsamlinga Havfruehester og har seinare gitt ut bøker for både barn og vaksne. Dei siste åra har han vore kjend for sine haiku-dikt og musikalske framføringar. I år er han aktuell med diktsamlinga Fars stemme.

Per Jan Ingebrigtsen

Foto: Torill Tverborgvik

er forfattar, dramatiker og lærar. Årets utgjeving er spenningsromanen Klappjakt.

Kurt Johannessen

er kunstnar. Han har gitt ut kunst i bokform sidan 1984. I år gjev han ut fleire bøker i sjangeren han har kalt «poetisk vitenskapsfilosofi».

Hilde Johansen

Foto: Trude Brun Wilhelmsen

debuterer med diktsamlinga En foreløpig verden. Ho kjem frå Svolvær og bur i Bergen, der ho jobbar som førstelektor ved Universitetet i Bergen.

Jørgen Jæger

Foto: Werner Juvik

debuterte i 2003 med første kriminalbok i serien om lensmann Ole Vig. Jæger har fått mykje merksemd og åtgaum for bøkene sine, og ligg jamnt på bestseljarlistene. I år kjem han med si tiande bok, og den heiter Guden.

Geir Olav Jørgensen

Foto: Arne Bru Haug

reiste i perioden 1993 til 2000 rundt i verda. Sidan har han skrive ei rekke kritikerroste romanar. I år er han aktuell med romanen Slagmark. Kort rapport frå underskogen.

Mette Karlsvik

Foto: Tove K. Breistein

vann Tarjei Vesaas Debutantpris i 2005 for romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden. Sidan har ho gitt ut bøker i ulike sjangrar, jobba som journalist og skrive dramatikk.

Marie Landmark

Foto: Filip Christensen

debuterer med romanen Hendelser uten navn.

Kim Leine

Foto: Cappelen Damm

har bakgrunn frå Norge, Danmark og Grønland. Han debuterte i 2007 med romanen Kalak, og vann Nordisk råds litteraturpris i 2013 for Profetene i evighetsfjorden.

Thure Erik Lund

Foto: Aschehoug

er i år ute med ein ambisiøs og kritikerrost roman med tittelen Identitet. Lund debuterte i 1992 med Tanger, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for, og har seinare gjort seg bemerka med fleire bøker der han demonstrerer si særeigne, litterært sterke stemme.

Cecilie Løveid

Foto: Søren Bruun

er dramatiker og forfattar, busett i Bergen. Hennar siste teaterstykke, Vår ære og vår makt, har gått for fulle hus på Den Nationale Scene i Bergen i fleire omgangar, og er no sett opp på nytt. Løveid er også aktuell med ny diktsamling, som heiter Vandreutstillinger.

Vegard Markhus

Foto: Bjarte Bjørkum

er lærar, illustratør og barnebokforfattar. Han kjem i år ut med Ei kjedeleg bok

Olaug Nilssen

Foto: Bent R. Synnevåg

er forfattar og dramatiker. Hennar litterære gjennombrot var romanen Få meg på, for faen som kom ut i 2005, og som sidan blei teaterstykke og film. Ho har skrive sakprosa og dramatikk, og kjem i år med sin første roman på 12 år, med tittel lånt frå Haldis Moren Vesaas – Tung tids tale.

Marta Norheim

Foto: Tove K. Breistein

er journalist og litteraturkritiker, og har jobba i NRK P2 sidan 1990. For ti år sidan gav ho ut Røff guide til samtidslitteraturen og i år er ho aktuell med ei ny statusoppdatering om feltet. Oppdateringar frå lykkelandet er ei bok om norsk samtidslitteratur.

Erlend O. Nødtvedt

er ein forfattar med ei heilt særeigen stemme. Han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2009 og fulgte opp med Bergens beskrivelse i 2011. I år gir han ut sin første roman Vestlandet.

Agnes Ravatn

er journalist og forfattar. Hennar andre bok, Fugletribunalet (2013) fekk mykje åtgaum og prisar då ho kom ut, og har seinare blitt omsett til ei rekke språk og sett opp som teaterstykke på Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater. I år kjem ho med boka Verda er ein skandale.

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad. Foto: Aschehoug

debuterte med eit smell i 2005 med romanen Blind. Seinare har han gitt ut ei rekke bøker og jobba med formidling av politisk litteratur på festivalen Jernrosa i Odda. I årets roman skriv han om vennen Jan Roar Leikvoll, som gjekk bort i 2014. Romanen heiter Ta hand om deg.

Maia Kjeldset Siverts

Foto: Heidi Furre

debuterte i vår med kortprosasamlinga Det ble en rotte!!!!!!!! Boka fekk mange begeistra meldingar, og overraska mange lesingar med si energiske og uvande form. Siverts har gått på Nansenskolen og Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Gaute Sortland

Foto: Samlaget

kjem i år ut med ei kortprosasamling med den ambisiøse tittelen Korte meisterverk. Boka handlar om livstrøytte norsklektorar, oppussing og ei pedagogisk førebuing på døden. Sortland debuterte i 2009 med romanen Johan, og har seinare gitt ut bøker for både barn og vaksne.

Eivind Sudmann Larssen

Foto: Anna-Julia Granberg Blunderbuss

kjem frå Lillehammer og bur no i Bergen. Han debuterte i 2014 med romanen Ingen savner Edward Niema. I år kjem han med si første diktsamling; Endehjem 

Odd W.Surén

Foto: Aschehoug

er humorist, forfattar og litteraturkritiker. Han har gitt ut ei lang rekke bøker i ulike sjangrar, og fekk i 2013 kritikerprisen for sitt arbeid som bokmeldar i Dag og tid. I år er han aktuell med romanen Krem med et hint av kuruke.

Carl Frode Tiller

Foto: Akam1k3

brakdebuterte i 2001 med romanen Skråninga. Han fekk Tarjei Vesaas debutantpris og blei nominert til Brageprisen. Seinare har han gitt ut ei rekke romanar og har skrive skodespel som har vore oppførte både på Det Norske Teatret og Trøndelag Teater. Årets roman heiter Begynnelser.

Rune Timberlid

Foto: Samlaget

er tidlegare journalist, redaktør og informasjonssjef. Han er også forfattar av ei rekke kriminalromanar, med politibetjent Rolf Randen som hovudperson. I år gir han ut Blodhemn.

Lars Amund Vaage

Foto: Hans Jørgen Brun

fekk Brageprisen i 2012 for romanen Syngja. Han har gitt ut ei lang rekke bøker, både romanar, novellesamlingar, essay og dikt. I år er han aktuell med novellesamlinga Pianisten.

Øyvind Vågnes

Foto: Helge Hansen (Montag)

er er forfattar, forskar, redaktør, omsetjar og kritiker. Han debuterte i 2003 med Ingen skal sove i natt, og har seinere skrive fleire bøker. For Ekko (2005) mottok han Nynorsk Litteraturpris. I år er han aktuell med romanen Vesaas, ein roman om Tarjei Vesaas, om bøkene og om lesarane hans.

Siri Økland

Foto: Samlaget

er journalist med bakgrunn frå både tv2 og Bergens Tidende. I år debuterer ho som poet, med diktsamlinga Det står til liv.

Nye stemmer

Musikk

Hjorthol / Barth / Vaage

Den raude staden, eit improvisert møte
Lars Amund Vaage – opplesing, Andreas Barth – perkusjon, elektronikk
Geir Hjorthol – trompet,
Vaage er ein av dei mest sentrale samtidsforfattarane i Noreg. Tittelene på bøkane til Vaage (Rubato, Tangentane) seier noko om kor viktig musikken er i forfattarskapen hans. Det gjeld ikkje berre tematikken; også språket hans er så gjennomført musikalsk. Det er ikkje noko dårleg utgangspunkt for ein poesi-konsert!
Samarbeidet med duoen Hjorthol/Barth har nokre klare kjenneteikn. Eitt av dei er at musikken er improvisert, noko som medfører at den eine konserten aldri er heilt lik den andre. Samtidig utgjer tekstane til Vaage ei ramme og eit møtepunkt. For impulsane går også den andre vegen, frå musikken til opplesaren, som er med og utformar musikken, med stemma som instrument.
I diktspråket til Vaage blir små og store ting gjort sanselege og sansbare. I friksjonen mellom motsetningane oppstår tekstens energifelt – dei «raude stadene» som dannar utgangspunkt for dei poetisk-musikalske samtalane.

Bergen Mandolinband

Bandet starta som ein vennegjeng rundt eit kjøkenbord i Bergen der alle delte den same kjærleiken for nettopp mandolin. Etter fleire år som gatemusikantar og spelemenn til dans og galskap, har bandet nå etablert seg på meir ordinære scenar. Rabulistane, poetane og gatemusikantane i Bergen Mandolinband er alle frå Haugesundsområdet så bandnamnet er framleis litt av eit mysterium. Under Forfattersleppet kommer deler av bandet, men høy mandolinfaktor blir det uansett.

Barnebokseminar for lærere og bibliotekarer

Anne Karin Fonneland

Foto: Terje Fonneland

debutere i 1996 med diktsamling Marmormjølk og har siden den gang utgitt fem diktsamlinger og en roman. I år debuterer hun med en diktbok for barn, Flyg ut, kom tilbake.

Bjørn Sortland

Foto: Janne Solgaard

fødd i Bergen og voks opp på Sortland på Bømlo. Han debuterte med boka Det er ikkje natta og har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne.

Anders Totland

Foto: Per Egil Larsen

fikk mye oppmerksomhet for ungdomsromanen Engel i snøen som
kom i fjor. Årets roman hat tittel Så lenge
ingen ser oss. Totland omtaler seg selv
som forfatter, kokk, organist, journalist,
pratmaker og skrytepave.

Per Olav Kaldestad

Foto: Nina Ruud

har med seg Når sola kjem dettande inn, en diktsamling for barn.
Han debuterte med diktsamlingen Kikkert
i 1973 og har siden skrevet bøker i de flestesjangre, både for voksne og barn.

Atle Hansen

Foto: Marius Knutsen

utgir i år Apetryne, en bok om
vennskap, forelskelse, om det å stå utenfor
og om å bli sett av den du ønsker skal se
deg. Atle Hansen er forfatter, journalist
og visesanger.

Vegard Markhus

Foto: Bjarte Bjørkum

er lærer i Bergen ogdebuterte med billedboken Redd i 2008.
For den populære Timothy mister seg sjølv
fikk han Nynorsk Barnelitteraturpris.
Nå har han klar med den sjette boken,
Ei kjedeleg bok.

Arnfinn Kolerud

Foto: Per Eide

kommer med romanen Snillionen, en fortelling om hvor vanskelig
det er å være styrtrik. Kolerud har siden
debuten i 1996 skrevet flere prisbelønte
barne- og ungdomsbøker

Hilde K. Kvalvaag

Foto: Samlaget

har sammen med ektemannen
Sturla Bang skrevet ungdomsromanen
Under, som er en undergangsfortelling
fra et fremtidig Kina. Dette er
første bok i framtidstriologien Søsteranarkistane.
Hilde K. Kvalvaag har debuterte
med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003 og har siden skrevet både for barn og
voksne.

Josef Tzegai Yohannes

Foto: Ola Eggen

er mannen bak The Urban Legend, som er en tegneserie med en svart superhelt som kjemper mot ondskap og undertrykkelse. The Urban
Legend er tilgjengelig i 12 forskjellige
språk, og er en del av det pensumet på
norske skoler. Yohannes har blant annet studert statsvitenskap og menneskerettigheter ved universitetet i Oslo.

Linda Klakken

Foto: Heidi Furre

er forfatter, skolebibliotekar og journalist. Hun debuterte med dokumentarboka Den siste beatpoeten i 2010 og har siden gitt ut diktsamlingene Mamma, kone slave og Skriv ferdig boka om livet ditt. I år er hun aktuell med Dumme, dumme hjarte.