Leksehjelp for skuleelevar

Mange elevar har hatt fine opplevingar med forfattarar som tek seg tid til å svare på spørsmål om tekstane og bøkene sine, både i norsklekser og i fordjupingsemner. Slike møter med unge lesarar kan vere inspirerande for forfattarane også. Men av og til blir det for mykje og av og til er elevane så dårleg førebudde at ein får inntrykk av at dei forventar at leksene skal bli gjort av forfattaren sjølv.

Norsk Forfattersentrum har gått saman med Landslaget for Norskundervisning om å utarbeide retningslinjer til informasjon for skule-elevar, norsklærarar og forfattarar om korleis ein best kan legge til rette for at desse møtene skal fungere best mogeleg.

Vi har samla køyrereglane i Forfatterkatalogen.

for elevenfor-lerarenfor-forfattaren