Hoem-Edvard-foto-paal audestad

Skrivekar på jorda

I dette essayet først trykka i Klassekampen 24.05 (og her lagt ut etter avtale med avisa), oppsummerer prosjektleiar i Norsk Forfattersentrum, Eirik Ingebrigtsen, forfattarskapet til årets festspilldikter, Edvard Hoem. Programmet til De Litterære Festspill finn du her!

Då norsklæraren min på Os strente inn i klasserommet med eit nytt klassesett skjønnlitteratur, steig knising og forventing til nye høgder då den okergule framsida på Edvard Hoems «Kjærleikens ferjereiser» lyste imot oss. Her hadde vi pubertert oss gjennom «Dei kallar meg kvisa» (Mæland) og «Alltid fleire dagar» (Hovland) og sto no ved døra til nok eit resonansverk for vår famlande leiting, trudde vi.I staden slo eit verk imot oss som med sin forteljarmåte utfordra lesaren og utvida mi eiga snevre forståing av den vestlandske geografi, ja, det fanst jaggumeg ferjer utanom Halhjem-Sandvikvåg! Hoems bok er å rekna som ein klassikar i norsk litteratur. Romanen fekk då også Kritikarprisen og blei innstilt til Nordisk Råds litteraturpris i 1974. Teksten riv og slit i bevegelsane mellom heimstadomsorg og utferdstrong, mellom apati i lågt skydekke og vitalt opprør på klåvêrsdag. Boka portretterer kanskje vanlege folk, men Hoems tekst blir ikkje verande igjen i sentimentalt klirr frå kaffiporselen og tørre sveler under plast.

Det var som lyrikar den tjueårige Edvard Hoem debuterte med «Som grønne musikantar» (1969). Dette fortel oss at Hoem feirar 50 år som forfattar neste år! Ei mild oppvarming til dette får vi under Dei litterære Festspel i Bergen med start i dag. Norsk Forfattersentrum feirar Festspeldiktar Hoems storlinja, sjangerrike, språkvakre og gjennomprisa forfattarskap.

Foto: Tor Stenersen, Ill. Tønnes H. Gundersen

Som fleire sentrale forfattarar i hans generasjon, var også Hoem ein del av AKP-ml-rørsla og han tråkka sko i krinsen rundt tidsskriftet «Profil». Såleis er det enkelt å lesa denne epoken av forfattarskapen inn i ei sosialrealistisk retning. Alt tre år før «Kjærleikens ferjereiser» tok Hoem eit oppgjer med den romantiske bygderomanen. Den eksperimentelle og politiske kortromanen «Anna Lena» (1971) problematiserte strukturrasjonaliseringane som førte til bygdefråflytting. Eit politiserande anslag for seinare verk som «Gi meg de brennende hjerter» (1978) og «Fjerne Berlin» (1979) – to bøker som går under duo-namnet Melding frå Petrograd – frå Hoems AKP-ml-periode, bøker med såkalla «partipolitisk tendens» tekstar som hausta kritikk i dette miljøet før Hoem sjølv blikka bakover og tok eit oppgjer med den ideologiserande 70-talslitteraturen. For då «Heimlandet Barndom» kom ut i 1985, hevda han at marxismen var den beste vitskaplege metoden å orientera samfunnet etter, men at marxismen som livssyn eller filosofi, ikkje heldt mål.

Tekstane hans har aldri bikka over til å tena som reine politiske talerøyr, men han har med seg ein politisk teft blanda med sitt religiøse bakteppe; ein bakgrunn han heller ikkje har hatt stort behov for å opponera mot, sjølv om han har snakka om ei tilbakevendande barnetru. Tvert imot er desse kjeldene frå barndomen (med emissærfar) og den politiske oppvakninga, dei enklaste pålar for tolking av hans seinare verk. Hoem har tolv salmar i Norsk salmebok 2013. Og der Erik Bye gjerne fekk beskjed om å tilføra ein synlegare Gud i tekstane sine, har Hoem hatt sin Gud naturleg i blodet frå barndommen av, etter kvart med naturleg overlapping og ispedd teater.

Gjennom romanane «Prøvetid» (1984) og ikkje minst «Ave Eva» (1987) blei Hoems prosa sett på som vital og med vilje til «nyblanding». Frå gard, tru og ferje via hovudstadens teatermiljø og strindbergske utfordringar fram til eit språksterkt metanivå i «Ave Eva» som både parodierer «herregårdsromanen» og tek eit oppgjer med fortidas, ungdomstidas lengt og draumeri: «På området mellom svanedammen og den store sveitserverandaen på framsida av huset hadde Edmund Saknevik planta eit hundretals roser».

Edmund var «den siste bonden vest i fjordane som dyrka roser og trudde på himmelen.» Umiskjenneleg hoemsk miks av natur, prang og tru. Og ein idealistisk bonde som må sjå oljeeventyret knusa draumen og det økologiske medvitet. Boka sette samtidsforfattar Hoem nok eingong på kartet. Av intervjuar veit vi at han vil tilbake til samtidig tematikk etter verkeleg å ha ploga slektshistorisk og biografisk mark.

På Nasjonalbiblioteket har Edvard Hoems arbeidsintensitet smelta saman med arkivarbeid. Ein om lag 15 års periode av forfattarskapet har gått med til nitide arbeid for å få enorme mengder informasjon inn i prosaflyt. Ein lesar av Hoem vil krevja begge delar, den fine nynorsken må ha omsyn for kunnskapen; det er inga motsetnad, men Hoem har sjølv lagt ut høg list og har såleis vore ein oppdragande forfattar for eit mangfaldig lesekorps.

«Mors og fars historie» (2005) blei ein formidabel suksess, selde 70.000 og blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris

Med suksessen fekk arkivaren og slektsgranskaren eit tredje element til forfattargjerninga; den utrøyttelege formidlaren. Kor mange holmar, samfunnshus og folkebibliotek har ikkje Hoem besøkt? I romanen ser vi forfattarens kamp og eleganse stilt ovanfor eit personleg kjeldemateriale som er fysisk skrint, men mentalt og emosjonelt, stort. Korleis spreia og disponera informasjonen du sit på i møte med eigne minne og tolkingar, og få det til å bera ein tekst? «Da far døde i 1990, etterlét han seg ikkje stort meir enn ei neglesaks, barbersaker og ei svart veske, i tillegg til eit hundretals små notisbøker, der han hadde skrive ned tankane sine om nåden og tilgivinga, frelsa og forsoninga».

I 43 år reiste predikantfaren, «den lutherske lekmann i den haugianske norske tradisjonen», rundt og forkynte evangeliet. Dei få fysiske tinga etter faren, dei sirleg førte loggbøkene, gav ikkje Hoem mykje gratisstoff. I romanen nyttar han sjølvsagt minne og enkelte episodar foreldra sjølv formidla, men det er gravearbeidet og dei munnlege kjeldene, først og fremst intervju med eit hundretals eldre menneske som kjente mora og faren, i Romsdal og i Gudbrandsdalen (der mora vaks opp og der faren reiste) som viser oss den hoemske disiplin – oppsøkande reising. Det er ikkje søkt å seia at det omreisande gen låg poda i Edvard Hoem alt som barn, han som såg far sin dra ut kvar haust under potetopptaket for så å helsa han vel heim igjen til møkaspreiinga og våronna rundt 1. mai.

Festspeldiktar Hoem har utmerkt seg med hundrevis av forfattarmøte, foredrag og bokbad i kjølvatnet av «Mors og fars historie» og no med firebands-familiekrønike om slåttekaren. Eit spor til Slåttekar-bøkene finn vi i «Mors og fars historie». Mormor Magnhilds brør, Ole og Johannes, drog begge til Amerika. Samtidig veit vi at Hoem er meir diktar enn faktaleitar. I «Slåttekar i himmelen» (2014) har han kanskje tillate meir og kome nærmare menneska, ikkje så bunde opp av nær tid og mor og far? Oldefaren Knut Nesje måtte diktast fram uavhengig av talet på sei i garnet eller kva pipetobakk hans komande kone, Serianna, stappa pipa med.

Ja, og inneklemt mellom Mors og fars og Slåttekarkvartetten: I den norske bok– og forfattarheimen var det mange som nikka då det blei kjent at sjølvaste Hoem som skulle skriva biografiane om sjølvaste Bjørnson! Av likskap og brorskap er det stoffskrivaren, den politisk medvitne (folke) talaren, kollektivforsvararen og solidaritetspåminnaren som plasserer vår tids Hoem i band med den historiske Bjørnson. Det er ikkje noko tull med Hoem! Og vel heime frå turné set han seg ikkje på ein parkbenk med smeltande softis for kvile, men trør straks ned til Nasjonalbiblioteket på leit etter stoff og samanheng og han har uttalt takksemd for den hjelpa han har fått der også, om bøker om seletøy i Tyskland og amerikanske aviser.

Det er rett og slett eit imponerande stykke arbeid på kort tid han har fått fram sidan «Mors og fars historie». Så kan ein gjerne seia at eit massemedium som Bjørnson, med 100.000 tilskodarar på lit de parade i København på veg frå Paris til grava si på Vår Frelsers gravlund, sjølvsagt genererer fleirbindsbiografi, men det er lett å lesa biografens arbeidskapasitet inn i verka. Såleis er Slåttekar-kvartetten smidd ut frå ein erfaren arkivar, slekstforskar og erfaren prosaist. Og gløymde eg å nemna at statsstipendiat Edvard Hoem også har gjendikta 13 Shakespeare-drama?

Etter foredrag og boksignering på Osøyro no i vår, kom det meg for øyra at Edvard Hoem blei forkjølt. «Alle ville ta i neven!» sa han. Der har du Os, får vi tru, og der har du den imøtekomande og særs formidlingsivrige forfattaren, Edvard Hoem. Om han ikkje sit og skriv og leitar i arkivet, ruslar han mot flytoget iført slips og med trillekofferten på slep, på veg til Tromsø eller Steinkjer, Nesna eller Lillesand. No til Bergen! Han har noko å seia. Og mange vil lytta.

«Vel heime frå turné set han seg ikkje, men trør straks ned til Nasjonalbiblioteket»