Æ Å Trondheim litteraturfestival kunne feire 10-årsjubileet med publikumsrekord.
Æ Å Trondheim litteraturfestival kunne feire 10-årsjubileet med publikumsrekord.
Grunnet manglende støtte og usikker finansiering er vi nødt til å avlyse ORDTAK 13 i oktober. Vi jobber med planer for et annerledes og nytt ORDTAK i 2014.
Vi er veldig glade for å ha vår nye mann på plass! Martin Ingebrigtsen begynner som konsulent ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge 2. mai.
– Vi hadde mange svært kvalifiserte søkjarar, fortel avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim. Martin peikte seg ut i søkjarbunken. Han er fagleg sterk, interessert og uvanleg motivert.
Martin Ingebrigtsen er 28 år og kjem frå Trondheim. Han har studert ved Nansenskolen, Forfattarstudiet i Bø og avsluttar denne våren ein master i kunstkritikk og kulturformidling ved NTNU. Han har erfaring frå studentradioen i Trondheim og har vore med i det kunstnariske rådet til Æ Å Trondheim litteraturfestival som Norsk Forfattersentrum arrangerer.
– Å arbeide med litteraturformidling er eit privilegium. Slik eg ser det har Norsk Forfattersentrum Midt-Norge vore ein viktig aktør og arrangør av arrangement som har løfta Trondheim som bokby, fortel Martin.
Norsk Forfattersentrum formidlar forfattarar til bibliotek, Den kulturelle skulesekken, festivalar, bokkafear, organisa¬sjonar, institusjonar og næringslivet. I tillegg arrangerer vi skrivekurs og litterære arrangement, slik som Litterær hagefest i Adrianstua, Skriveforum Midt-Norge og Æ Å Trondheim litteraturfestival. Vi er òg engasjert i saka om å få til eit litteraturhus i Trondheim.
– Det er mykje morsamt å ta fatt i, men først og fremst gler eg meg til det daglege arbeidet. Men sjølvsagt, det er ikkje alle forunt å få lov til å gå på jobb for å lage litteraturfestival.
Midt-Norgekontoret dekkjer Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Midt-Norgekontoret ligg i Kjøpmannsgata i Trondheim. Vi har 86 medlemsforfattarar i landsdelen. Hovudkontoret ligg på Litteraturhuset i Oslo. Norsk Forfattersentrum arbeider for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum, og å sikre at forfattaren får riktig honorar når han eller ho opptrer.
Lurer du på noko? Bli den fyrste til å ringje Martin på jobb!
Kontakt
Martin Ingebrigtsen
Formidlingskonsulent
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
martin@forfattersentrum.no
21 09 57 71
Guri Sørumgård Botheim
Avdelingsleiar
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
guri@forfattersentrum.no
21 09 57 70 / 970 316 24