Æ Å Trondheim litteraturfestival kunne feire 10-årsjubileet med publikumsrekord.
Æ Å Trondheim litteraturfestival kunne feire 10-årsjubileet med publikumsrekord.
Grunnet manglende støtte og usikker finansiering er vi nødt til å avlyse ORDTAK 13 i oktober. Vi jobber med planer for et annerledes og nytt ORDTAK i 2014.
Teksten må vere arrangørane i hende innan
”Farlege vegkryss og kaldhjerta kvinnfolk: Robert Johnson på nynorsk”. I samarbeid med musikkfestivalen Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso inviterar Kvam Mållag til gjendiktar-tevling!
Me inviterar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om dei beste Robert Johnson-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av den kritikarroste musikaren og Dylan-omsetjaren Tom Roger Aadland (www.tom-roger.com) under arrangementet LittLarm på Kunsthuset Kabuso (www.kabuso.no) i Øystese.
Tidspunktet er laurdag 7. juli kl 15. Arrangementet skjer i samband med Bygdalarm (www.bygdalarm.no), ein utandørs musikkfestival som går over to dagar: 6. og 7. juli.
Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein (eller fleire) av dei 29 sangane Robert Johnson etterlot seg, i form av innspelingar frå 1930-talet, og skrive ei gjendikting som er originalen verdig.
Robert Johnson (1911-1938) er i følge Kjartan Fløgstad «...ein av dei aller viktigaste musikalske føresetnadene for rock´n´roll, og dermed for moderne musikk og songlyrikk i det heile.” Han har so vidt me kan sjå ikkje vore omsett til norsk før.
Reglar:
-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.
-Det er og ein føremon om verselengder og rytmer vert intakt, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.
-Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.
-Ein jury satt saman av Tom Roger Aadland og representantar frå arrangørane kjem til å kåra ein eller to vinnarar.
-Legg ved navn og kontaktinformasjon.
Premiar:
I tillegg til å få gjendiktinga framført av Tom Roger Aadland, vil vinnarane av konkurransa få både heder og ære sovel som dagspass til Bygdalarm.
Tidsfrist:
Teksten må vere arrangørane i hende innan 15. juni 2012.
Adresse:
Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no
Originaltekstane finn du t.d her: www.lyricsmania.com/robert_johnson_lyrics.html
Meir informasjon om LittLarm 2012 finn du her: www.bygdalarm.no