Du kan lese årsmeldingen fra Norsk Forfattersentrum for 2012 her.
Grunnet manglende støtte og usikker finansiering er vi nødt til å avlyse ORDTAK 13 i oktober. Vi jobber med planer for et annerledes og nytt ORDTAK i 2014.
Dei nynorske festspelaØrsta og Volda
Dei nynorske festspela er sommarens store høgdepunkt, og i 2013 også eit av dei sju basisarrangementa i Språkåret.
Søknadsfrist 21. mai 2012
Skrivekunstakademiet i Hordaland er ein sjølvstendig institusjon på høgskulenivå som driv utdanning innan skapande skriving. Hordaland Fylkeskommune finansierer institusjonen.
For ein periode på 2 år vert det frå 15. august 2012 ledig ei stilling som undervisningsleiar ved årsstudiet.
Vi søkjer etter ein skjønnlitterær forfattar, gjerne med litteraturteoretisk utdanning og med røynsle frå skriveundervisning. Stillinga er ei deltidsstilling på 40%, og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Undervisninga vil vere delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons og meir teoretisk undervisning vil inngå.
Stillinga inkluderer ansvar for planlegging av undervisninga i samarbeid med akademileiar og stab. Det vil såleis vere naudsynt med bustad i Bergensområdet. Stillinga vert løna som høgskulelektor. Kvinner vert oppmoda til å søkje.
Årsstudiet gjev 60 studiepoeng og er akkreditert av NOKUT.
For nærare opplysning, kontakt Kjersti Rorgemoen, tlf. 55 23 04 50/ 411 74 880.
Søknadsfrist: 21.mai 2012.
Send søknad og CV til post@skrivekunst.no
eller i posten til:
Skrivekunstakademiet i Hordaland
Georgernes Verft 12, 5011 Bergen