Hemmeleg helt

Knut Haugland deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon, om bord på Kon-Tiki over Stillehavet.

Om produksjonen

To store bragder sette Norge på verdskartet: Tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Knut Haugland var med på begge.
– Han levde eit eventyrleg liv, men heldt seg i bakgrunnen, seier forfattaren Svein Sæter, som skreiv boka Operatøren i samarbeid med Haugland sjølv.

NRK-serien Kampen om tungtvannet hausta rekordpublikum i 2015. Knut Haugland var med i gruppa på fire som overvintra på Hardangervidda vinteren 1942 – 43. Han døydde i 2009, 92 år gammal. Heldigvis rakk han å fortelje historia si.

– Knut var ein svært beskjeden mann, som utretta fantastiske ting. Berre krigsinnsatsen er heilt eneståande. I tillegg kjem så eventyret Kon-Tiki. Men han ville ikkje høre snakk om at han var nokon helt. Derfor kallar eg kåseriet om Knut for Hemmeleg helt, sier forfattar Svein Sæter.

– Knut Haugland hadde ei knallhard krigsteneste. To gonger kom han seg unna Gestapo, etter utrulege flukter. Det siste krigsåret vart han kjent med Thor Heyerdahl, og takka straks ja da han fekk tilbod om å segle over Stillehavet på ei flåte i 1947.

På den tida var Knut Haugland framleis nedkjørt etter krigen.

– Kon-Tiki vart på mange måtar redninga for han. Knut sa til meg at «eg gjekk om bord på Kon-Tiki som eit vrak, og kom på land som eit nytt menneske».

Etter den sensasjonelle flåteferda var det Knut Haugland som fekk Kon-Tiki heim til Norge, og leia arbeidet med å byggje det verdsberømte museet. Han var direktør der i meir enn 40 år, og bygde også opp Norges Hjemmefrontmuseum.

Under kåseriet viser Svein Sæter film, bilete og brev, pluss rapportar Knut Haugland skreiv frå tungtvannsaksjonen.

Knut Haugland og forfattaren Svein Sæter medan dei arbeidde med boka «Operatøren». Haugland døydde i 2009, 92 år gammal. Foto: privat

Knut Haugland og forfattaren Svein Sæter medan dei arbeidde med boka «Operatøren». Haugland døydde i 2009, 92 år gammal. Foto: privat

Hemmelg helt - 2 bilder

Om forfattaren

Svein Sæter frå Stangvik på Nordmøre er forfattar, kåsør og frilansjournalist. Han har skrive 20 faglitterære bøker og fem teaterstykke. Mange av bøkene har historiske tema, andre tar for seg så ulike emne som Etiopia, fotball, økologisk landbruk og sportsfiske.

Mer om Svein Sæter i
forfatterkatalogen

Foto: Gyldendal Norsk ForlagFoto: Gyldendal Norsk Forlag

Produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)

Produsent
Svein Sæter

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav
Ingen

Programlengde
45 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
100 per forestilling

Opprigg / nedrigg
5 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

Status

Mottaker av Produksjonsstøtte for litterære produksjoner 2015.
2015; DKS i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Bibliotek, kulturhus, litteraturhus og museum over heile Sør-Norg

Kontaktinformasjon

Svein Sæter
Telefon: 47  84 70 17
E-post: sveins@svorka.net