Å utforske verda med ord

Skrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. I løpet av ein skuletime snakkar ho om prosessen fram til ferdig bok, korleis ein byggar opp persongalleri og stader, inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.

om produksjonen

Sunnivi R. Berg - collageSkrivelyst og skrivetips er tema når Sunniva Relling Berg fortel om og les frå bøkene sine. Debutboka hennar, Utfor, tar opp mobbing og det å stå utanfor, og kan gi rom for refleksjon og samtale rundt dette temaet. I tillegg snakkar ho om prosessen fram til ferdig bok, korleis ein byggar opp persongalleri og stader, inspirasjon og tekstjobbing. Det blir også tid til spørsmål og dialog med elevane.

Sunniva kan òg halde skrivekurs på 1-3 timar, der skriveglede og fantasi er dei viktigaste ingrediensane. Med korte og lengre skriveøvingar, vil elevane få bruke fantasien og utforske verda gjennom ord, og få innspel undervegs frå Sunniva. Ved hjelp av bilete og ord er det mange artige skriveøvingar ein kan forsøke seg på, som kan utfordre språket til elevane. Ønsket er at elevane skal sjå mulegheitene som finst, og kunne vere fri frå formelle krav om kva som kan vere og ikkje vere ein tekst. I løpet av kurset vil ein få meir kunnskap om dialog, det å skape personar, skildringar og korleis komme i gang med ein tekst.

om forfatteren

Sunniva Relling Berg har gitt ut bøkene Utfor (2011) og Beina i gitaren (2013). Utfor blei nominert til Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok, og ho har motteke prisar for forfattarskapen sin. Ho har òg bidratt med noveller i ulike antologiar, og ei barneforteljing i Monsterboka (2013)

Mer om Sunniva Relling Berg i
forfatterkatalogen

Foto: Tove K. Breistein

Foto: Tove K. Breistein

produksjonsfakta

Målgruppe
8 – 10. klasse og 1. – 3. klasse VGS (tilpasset opplegg)

Produsent
Sunniva Relling Berg

Arena
Klasserom / grupperom / sal

Teknisk krav
Prosjektor

Programlengde
60 minutter. Maks to forestillinger pr. dag.

Elever
100 per forestilling

Opprigg / nedrigg
0 minutter

Pris DKS
Rammeavtalen med fylkesnettverket

Foto kan benyttes til promotering av forestillingen. Fotograf skal krediteres.

KONTAKTINFORMASJON

Sunniva Relling Berg
Telefon: 91 73 82 42
E-post: sunnivarb@hotmail.com
Heimeside: www.sunnivaberg.no