2011

Litteraturhuset i Oslo, 22. januar 2011

SteenforelesingaOm min barndoms helt Richard Løvehjerte

Foto: Forlaget Oktober

Foto: Forlaget Oktober

Den første boka Thorvald Steen leste, var Robin Hood. Den andre var Ivanhoe. I begge er kong Richard Løvehjerte sentral. En konge som også inspirerte Astrid Lindgren i Brødrene Løvehjerte. Shakespeare, derimot, skrev aldri om Løvhjerte fordi han var for perfekt.
Kongen hadde to livsoppgaver: Ta Jerusalem fra Saladin og kristne byen, samt ta livet av Saladin. Han mislyktes med begge oppgaver. Hvorfor har vi hørt så lite om dette? Steen vil her forsøke å tegne et så sannferdig bilde av den virkelige Løvehjerte som mulig.

Thorvald Steen var formann i Den norske forfatterforening fra 1991 til 1997. I 2003 mottok han Stortingets statsstipend. Han er oversatt til mer enn 20 språk. Steens siste bok heter nettopp Løvehjerte (Oktober, 2010) og er hans sjette historiske roman.

Litteraturhuset i Oslo, 19. februar 2011

Fløgstadforelesinga – Om Bjørn Aamodt

Foto: snl

Foto: snl

Reduserer etikettar som «borgarleg» eller «arbeidarlitteratur» diktaren til sin eigen motivkrins? Diktinga til lyrikaren og industriarbeidaren Bjørn Aamodt (1944-2006) har ein sentral posisjon i moderne norsk poesi, og er samstundes heftig debattert. I foredraget vil Kjartan Fløgstad sjå nærare på forfattarskapen og føra diskusjonen vidare.

Kjartan Fløgstad debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968 og fekk eit gjennombrot med romanen Dalen Portland i 1977 (Nordisk Råds Litteraturpris). Sidan har han fått ei rekkje prisar, mellom anna Brages hederspris i 2008,  og står som ein av våre mest sentrale forfattarar.

Litteraturhuset i Oslo, 18. juni 2011

JohansenforelesingaVente, blunke

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Om å skrive og å vente.
Mest om å vente.
Og om måten å vente på.

Inghill Johansen debuterte på Gyldendal med Hjertehvitt i 1991. Dei tre andre bøkene ho har skrive – Suge (1996),  Klage (2001) og Forsvinne (2009) har akkurat kome ut samla i pocketutgåve.

Johansen er ein kresen og kritikarrost forfattar som skriv stramt og enkelt, vakkert og morosamt og med stor, stor observasjonsevne. For Klage blei ho i 2001 nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Litteraturhuset i Oslo, 3.september 2011

SortlandforelesingaKvifor skriv du barnebøker, du som er så flink til å skrive?

Foto: Ubok.no

Foto: Ubok.no

Bjørn Sortland fekk nyleg dette spørsmålet av ein journalist, og det er ikkje første gongen han har fått det sidan han debuterte.
– Kvifor blir eg nesten alltid stilt dette spørsmålet? Kanskje er ikkje barne og ungdomslitteratur så kult når alt kjem til alt? Er det berre riktig-viktig? Og les barn og ungdom noko særleg av den litteraturen som blir skriven for dei? spør han.

Bjørn Sortland har skrive 40 bøker for barn og ungdom sidan debuten Det er ikkje natta i 1992. Han har også skrive prisvinnande romanar for vaksne. Fleire av bøkene hans er ein inngang til kunsten i seg sjølv, gjennom samarbeid med kunstnarar og illustratørar, og har i seg forståinga for kva kunst kan bety i livet. Sist veke fekk han Aschehougprisen. Vi gratulerer!

Litteraturhuset i Oslo, 24.september 2011

LeikvollforelesingaOm inspirasjon

Foto: Morgenbladet

Foto: Morgenbladet

Eit høgst subjektivt foredrag om inspirasjon, arbeidsmåtar, om kjærleiken til det vakre og brutale, om å leve for å skrive og skrive for å leve.

Jan Roar Leikvoll debuterte med den sterkt kritikarroste Eit vintereventyr (Samlaget 2008) der nettopp det vakre og brutale er sidestilt. Med Fiolinane (2010) stadfesta han posisjonen sin som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei tildelt Sigmund Skard-stipendet hausten 2010.

Litteraturhuset i Oslo, 15. oktober 2011

Grimsrudforelesinga – På forfatterturné i Värmland

Foto: napha.no

Foto: napha.no

Om noen nervepirrende minutter i regnet ved en ensom taxistolpe i Torsby.

Beate Grimsrud kom i fjor ut med romanen En dåre fri, både på svensk og norsk. Ho blei tildelt Kritikarprisen og nominert til Nordisk Råds Litteraturpris både frå Sverige og Norge. I vår fekk ho også Dobloug-prisen. Forfattarskapen er i det heile tatt høgt prisa, og ho slo igjennom med romanen Å smyge forbi en øks i 1998.

 

Litteraturhuset i Oslo, 12. november 2011

Herbjørnsrudforelesinga – Hvordan kom Vesaas inn i et bokløst hjem?

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Hans Herbjørnsrud vokste opp i et så og si bokløst hjem. Som to-åring rev han i stykker boken om HM Kongens garde. Faren hadde vært gardist. Da var det bare tre bøker tilbake: Bibelen, salmeboken og en bok om birøkt. I det armodslige skolebiblioteket fantes ikke voksenbøker. Likevel kom Tarjei Vesaas til å bety mye for ham allerede fra 12-årsalderen.

Hans Herbjørnsrud debuterte med Vitner (Gyldendal, 1979) og no sist kom Brønnene (2006). Språkmeistaren Herbjørnsrud er ein av våre mest markante novellistar. Forfattarskapet hans er høgt prisa  – frå Tarjei Vesaas debutantpris i 1980 til Aschehougprisen i 2005.

I år kom boka Seks fot under (av Kaja Schjerven Mollerin) om hans forfattarskap.

 

Litteraturhuset i Oslo, 10. desember 2011

FrobeniusforelesingaSelvbiografi og uhygge

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Foto: Gyldendal Norsk Forlag

Nikolaj Frobenius debuterte med Virvl (1986), internasjonalt gjennombrot med Latours katalog (1996).
Frobenius har elles skrive manus til filmar som Øyenstikker og Insomnia, han har vore redaktør for tidsskriftet Vinduet og langfilmkonsulent i Norsk Filmfond.

Er i haust aktuell med romanen Så høyt var du elsket