2009

Litteraturhuset i Oslo, 21. februar 2009

BildøenforelesingaStormannsgalskap – ein litterær dyd?

Foto: Skrivekunst.no

Foto: Skrivekunst.no

”Om ikkje forfattarane hadde i alle fall eit snev av hybris, kor mange bøker trur de ville blitt skrive då? Mange forfattarar snakkar meir enn gjerne om dei store svingingane mellom sjølvforakt og stormannsgalskap dei opplever i skriveprosessen. Det handlar om å skrive fire sider den eine dagen som ein synest er geniale, og så neste dag lese gjennom det igjen og sjå at det berre er skit.”

Brit Bildøen (f. 1962) debuterte med diktsamlinga Bilde av menn i 1991. For Tvillingfeber (1998) blei ho nominert til Brageprisen og tildelt Osloprisen og Nynorsk litteraturpris. Bildøen er også kritikar og forlagskonsulent. Ho har skrive fleire barnebøker og omsett bøker både for barn og vaksne. I 2009 gav ho ut essaysamlinga Litterær salong. Boka inneheld lesingar av m.a. Gertrude Stein, Halldis Moren Vesaas, Amalie Skram, Doris Lessing og Elfriede Jelinek.

 

Litteraturhuset i Oslo, 28. mars 2009

Vaageforelesinga – Stille musikk

Foto: Forlaget Oktober

Foto: Forlaget Oktober

Om forholdet mellom musikk og litteratur. Finst det musikk i romanen? I tilfelle: Korleis kan ein skildra, drøfta og dyrka denne musikken? Korleis kan musikken vera del av meiningsdanninga i litteraturen? Og kva betyr musikken i litteraturen? Lars Amund Vaage diskuterer dette med døme frå eigne og andres tekstar.

Lars Amund Vaage (f. 1952) har sidan debuten i 1979 markert seg som ein stor musikalsk prosaist, der setningane syng fram språket og underbyggjer handlinga. Han blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Rubato i 1995, ei bok som ga han Kritikarprisen. Same året fekk han Aschehougprisen. Han ga ut roman om Wilhelm Reich, Den framande byen, i 1999 og på 00-talet kom også hans to første diktsamlingar. Sisteboka hans er den kritikarroste Skuggen og dronninga (Forlaget Oktober 2010).

 

Litteraturhuset i Oslo, 9. mai 2009

Sæterbakkenforelesinga Å skrive er å uttrykke som forbrytelse, det som ble innsatt som lov.

Foto: Forlagsliv

Foto: Forlagsliv

”Det hender fremdeles jeg spør meg hvorfor det alltid var forbundet med ubehag å se fotografier av mine foreldre som unge(…) Romanen er også noe som den ikke kan si noe om, men som den er i kraft av sin helhet, og som er det den egentlig tar leseren med på, og som er forfatterens frigjøringsforsøk, hans eller hennes bestrebelse på å løsrive seg fra kulturens klamme grep.”

Stig Sæterbakken (f. 1966) debuterte på Cappelen med Flytende paraplyer i 1984. Han ga ut ei diktsamling til, Sverdet ble til et barn to år seinare. Sidan har han gitt ut romanar og essays, og fekk eit gjenombrot med romanane i den såkalla S-trilogien (1997-99): Siamesisk, Selvbeherskelse og Sauermugg. Han har m.a. gjendikta.Nikanor Teratologens Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen (Kritikerprisen og Bokklubbenes Oversetterpris, 2007).

 

Litteraturhuset i Oslo, 13. juni 2009

Hovlandforelesinga – Dr. Hovlands testamente

Foto: Samlaget

Foto: Samlaget

Farvel til fiksjonen og velkomen tilbake (eit sviande sjølvoppgjer etter tretti år). ”Kor kjedeleg skal den store litteraturen tillate seg å vere? Og må den vere det? Mi lesing ber truleg preg av forsøk på nettopp å sleppe unna kjedelege klassikarar, men søkje etter forfattarar som på ymse vis har prøvd å bryte med keisemda.” Om mellom andre Charles Dickens og Tove Jansson.

Ragnar Hovland (f. 1952)debuterte med romanen Alltid fleire dagar i 1979. Han skriv kort og langt, for store og små, er omsetjar og forlagskonsulent i Samlaget. Dessutan er han involvert i musikkensemblet Dei Nye Kapellanane. I 1997 var han festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela, i 2008 det same ved dei litterære festspela i Bergen. I 2006 fekk han Kritikarprisen for Fredlaus, berre ein av mange prisar hans forfattarskap har skjenka han.

 

Litteraturhuset i Oslo, 22. august 2009

Dragsethforelesinga – Poesi & Anarki

Foto: Tiden Norsk Forlag

Foto: Tiden Norsk Forlag

”Det å undersøke en ”umulig” syntaks, en metafor for jernfilspon, eller en parkeringsplass, er mitt arbeid.” Om poetisk tenkemåte og praksis.

Terje Dragseth (f. 1955) debuterte med dikt- og tekstsamlinga Offerfesten i 1980, og har sidan gitt ut 15 bøker, sist Ti titler, Dikt 1980-2005. (Tiden, 2008). Kvitekråkas song frå 2005har også kome ut i Tyskland. Han har gjendikta Laura Riding og Leonard Cohen til norsk. Han er utdanna filmregissør ved Den Danske Filmskolen i perioden 1983 – 1987, og har regissert ei rekkje kortfilmar (i desember 09 kom Recordings: Paal Helge Haugen). Han er også låtskrivar og spelar i bandet ”I sing my body electric”.

 

 

Litteraturhuset i Oslo, 26. september 2009

FlinkforelesingaOm denne skrivinga da vettu!

Foto: Dagbladet

Foto: Dagbladet

Jon Øystein Flink debuterte i 2003 med Ole-Kristian Oksrød. Han har studert musikk og filosofi, vore ein del av redaksjonane til tidsskrifta Parergon og Kraftsentrum, samt skrive musikkritikk i Morgenbladet og Dagsavisen.
Sist vinter kom høyrespelet Direktøren og hans sekretær og i vår romanen Sex, død og ekteskap.

 

 

 

 

Litteraturhuset i Oslo, 31. oktober 2009

Ørstavikforelesinga – Om skrivingen og mellomrommene

Foto: Kritikerlaget

Foto: Kritikerlaget

”Det er et terskelsted, dette: Jeg har ikke noe å si. Jeg tror alt jeg sier, alt jeg skriver, har dette i seg, som en vekt, en tyngde. Så det som utsies, det som skrives, hele tiden har et lodd av dette motsatte i seg, det som drar det inn, ned, bort. Så det som utsies, det som likevel skrives, har måttet tvinge seg gjennom, fram. Og har kraften av denne kampen, denne motstanden, med seg, i seg.”

Hanne Ørstavik (f. 1969) debuterte med romanen Hakk i 1994 og ga sist ut 48 rue Defacqz (Forlaget Oktober, 2009). Ørstavik har motteke ei rekkje litterære prisar, mellom andre Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris og Doblougprisen. I 2007 fekk ho Aschehougprisen for heile forfattarskapen, og bøkene er omsette til femten språk.

 

Litteraturhuset i Oslo, 14. november 2009

Brantenbergforelesinga – Forandrer litteraturen verden – eller omvendt?

Foto: privat

Foto: privat

Å vurdere hvorvidt en bok har forandret verden er en nærmest uoverkommelig oppgave. Det ville kreve en så omfattende forskning at intet vitenskapelig program ville kunne gjennomføre den – selv ikke i digitalrevolusjonens tidsalder. Å vurdere hvorvidt en bok man selv har skrevet har forandret verden er enda vanskeligere.

Gerd Brantenberg (f. 1941)debuterte i 1973 med Opp alle jordens homofile og følgde opp med det satiriske kampskriftet Egalias døtre (1977). Ho har ved sida av forfattarskapen markert seg som ein framståande aktivist og var med på danninga av Tverrlitterært Kvinneforum i 1978. Ho har vore aktivist ved Kvinnehuset i København og Oslo (1972-83), samt vore med på etableringa av Krisesenteret i Oslo og Kvindehøjskolen i Danmark.. Brantenberg var styremedlem i Den norske Forfatterforening 1981-83. Hennar siste bok er Landssvikersken (2003).

 

Litteraturhuset i Oslo, 12. desember 2009

Carmona-Alvarezforelesinga – Om Roberto Bolaño

Foto: Forlaget Oktober

Foto: Forlaget Oktober

”(…) og i det jeg lettet fra Bergen bladde jeg opp på første side og begynte å lese. Siden har jeg fortsatt. Med en begeistring og en entusiasme som jeg – på den tiden – ikke trodde jeg skulle oppleve igjen. For det er nettopp begeistring som er det første ordet jeg forbinder med Roberto Bolaños verk. Helt siden den flyturen har jeg utrettelig lest ham, anbefalt ham til alle jeg kjenner, gjenfortalt deler av bøkene hans og skrevet om ham.”

Pedro Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga Helter i 1997 og ga ut romanen Rust i 2009, der spørsmål rundt eksiltilvære står sentralt. Carmona-Alvarez er vakse opp i Chile og på Kolbotn, skriv også poesi og essay og har bandet Sister Sonny som ein drops og Moon Pedro & the New Farm Street Orchestra som ein karamell. Han fekk Sult-prisen i 2005.