EDVARD HOEM 2003:

Norsk Forfattersentrum trettifem år

Dolphins viseklubb og jazzklubbane sin tidsalder. Det var ei tid da svært få levande forfattarar stod i direkte kontakt med sitt publikum, der Tarjei og Halldis og nokre få andre, kunne påtreffast på turné, der Marie Takvam feide forbi som smellvakker ungfrue og Harald Sverdrup poetiserte med fuglelydar og blomsternamn, men oftast opptrådde forfattarane i opphøgd avstand frå folket på landjorda. Med Norsk Forfattersentrum starta ei ny tid, samtida ville inn i skolen, på arbeidsplassane, på institusjonane, ut i provinsen, ut i utkantane.

Det var riktignok noko som heitte Rikskonsertar og Riksteater, og kanskje gjorde det etableringa av Norsk Forfattarsentrum lettare, men det stod ikkje på dagsorden at samtidslitteraturen skulle bli ein sjølvsagt del av norskopplæringa før Norsk Forfattersentrum kom. Det var Norsk Kulturråd som var nøkkelen, der fanst det for første gong kulturpengar til nye initiativ, nye eksperiment, og derifrå gjekk vegen til statsbudsjettet, men det var Norsk Kulturråd og Ingeborg Lyche som sette det heile igang, mot alle odds, mot alle skepsis som oste mot samtidslitteraturen frå alle kantar.

Det var no samtidsforfattarane kom inn i lesebøkene og klasseromma, og fordi vi var unge og radikale og pågåande opplevde vi også mange gonger at vi kom og skapte pusterom og livsrom for andre unge menneske enn oss. I Den norske Forfatterforening kom ei voldsom polarisering, utløyst i 1971 da den
radikale falanksen marsjerte ut i protest. Same år vart eg sjølv tilsett som konsulent på kontoret i Norsk Forfattersentrum, og eg sendte ut kolleger til alle slags politiske møte og 1. maiarrangement, og var kollega med Kjell Askildsen. Eg hugsar desse mørke morgonane i desember 1972, da det skjedde underlege ting, da vi gjekk i vietnamtog og gjekk i bakken og gjekk i knas og vart utsette for det som heiter livet. Det var ein del av mi ungdomstid, og da det var over, var eg ikkje ung lenger.

Det går neppe an å overvurdere den betydninga som Forfattersentret hadde for forholdet mellom skolen og samtidslitteraturen, den kom på dagsorden og har vore der sidan. Men det var like viktig at dette miljøet omgjorde Den norske Forfatterforening til eit profesjonelt reiskap for forfattarane sine faglege interesser. Gjennom striden fekk staten ein profesjonell partner i diskusjonen av kulturmeldinga og dei nye stipendordningane, som baserte seg på at kunstnarane ikkje lenger skulle ha milde gaver, men vederlag for samfunnsmessig innsats, ein lang og hard kamp som toppa seg med det som heitte Kunstnaraksjonen i 1974. Det var i desse åra at ein lagrunnlaget for den vederlagspolitikken som sidan har skapt breidde og livsgrunnlag for norsk
samtidslitteratur i tretti år.

Meir fundamentalt og mindre påakta er det at denne bølgja gjorde noko med forholdet mellom det store lesande publikum og den nye litteraturen. I dag er det ikkje så synleg, men det var sjølvtilliten og sjølvforståinga i dette forfattarmiljøet som gjorde at den nye samtidslitteraturen ikkje berre var interessant, men økonomisk attraktiv. Etter mitt syn startar den postmoderne litteraturhistoria i Norge med dei bøkene som vart skrivne på slutten av seksti – og begynnelsen av syttitalet. Da søkte forfattar – stemmene ut av modernismens opphøgde elitisme, og programmet om å skrive for folket la grunnen for den nye realismen som slett ikkje var den betongrealismen som enkelte seinare harpåstått. Dei førande verka var da slett ikkje slik! Det var dette miljøet som la grunnlaget for Bokklubben Nye Bøker og det kommersielle hamskiftet i norsk samtidslitteratur. Det fanst ein litteratur det gjekk an å selja og eit publikum der ute som ville ha. Det er ein samanheng her som er fortidd og gløymt, samanhengen mellom politisk radikalisme og den kommersialiserte massedistribusjonen av norsk skjønnlitteratur.

Norsk Forfattersentrum var med på å forandre tilstanden i den norske litterære institusjonen. Plutseleg er det gått tretti år. Det meste er heilt annleis, men noko er til å kjenne igjen: Nye generasjonar vil utforme landskapet på sin måte, skrive historia på sin måte, erklære nye idear og ny skrivemåte, forkaste det gamle og fokusere på det nye.

Det meste som er sagt, blir gløymt, men ikkje av dei som var der da det stod på.