Norsk Forfattersentrum skapar kontakt mellom forfattarar og publikum og sikrar at forfattaren får riktig honorar. Vi er ein medlemsorganisasjon for forfattarar, med omlag 1400 medlemmar i heile landet. Organisasjonen vart etablert i 1968.

Kva gjer Norsk Forfattersentrum?

Vi formidlar forfattarar til opplesingar, bokbad, foredrag, skrivekurs, skulebesøk og mykje anna. Viktige oppdragsgjevarar er bibliotek, skular, offentlege institusjonar, bokbransjen, organisasjonar og næringslivet.

Dei største arrangementa våre er Dei Litterære Festspela, Forfattarsleppet, Æ Å Trondheim litteraturfestival, Forfattarforelesinga, Ordtak, Litteraten og regionale bokdagar. Vi tilbyr òg skrivekurs, formidlingskurs og ei rekkje andre arrangement.

Norsk Forfattersentrum er nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken. Vi samarbeider med fylke og kommunar om eit best mogleg litteraturtilbod til barn og unge. Vi eig og driv Norsk Forfattersentrum Litteraturbruket, eit kompetansesenter for litterære produksjonar.

Norsk Forfattersentrum står for levande formidling av samtidslitteraturen.

Norsk Forfattersentrum

Organisasjonen har 17 tilsette og dekkjer heile landet med kontor i Kristiansand, Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø. Hovudkontoret ligg i Litteraturhuset i Oslo.

logo nf-hoved

 

 

 

NORSK FORFATTERSENTRUM
Wergelandsveien 29, 0167 Oslo
Tlf: 21 09 57 00
Organisasjonsnummer: 960 498 615

Vil du søke om medlemskap, sjå her

 

Våre avdelinger

Ostlandet-200 Sorlandet-200 Vestlandet-200 Midt-Norge-200 Nord-norge-200