Litterær hagefest 2014

HAGEFEST2014HAGEFEST2014_2

RINGVEBUKTA,  TRONDHEIM
SØNDAG 24. AUGUST KL. 14.00–19.00
GRATIS INNGANG, OPE FOR ALLE

Knall barneprogram!
Bjørn F. Rørvik og Nina E. Grøntvedt har vore på bestseljarlistene heile sommaren – med god grunn! Nå er vi kjempeglade for at dei kjem til hagefesten! Bjørn F. Rørvik skal lesa frå Bukkene Bruse vender tilbake – oppfølgjaren til Bukkene Bruse på badeland. Gry Moursund har illustrert bøkene. Bjørn kjem frå Jevnaker og bur i Oslo. Han har skrive ei rekkje barnebøker.
Nina E. Grøntvedt har skrive og teikna Supersommer. Dette er den tredje dagboka i serien om Oda. Mange lesarar kjenner Oda frå Hei, det er meg! og Absolutt ukyssa. I Supersommer handlar det om megaforelskingar og om å reise på sommarleir for fyrste gong. Nina er forfattar og illustratør busett i Trondheim.
Forfattar Ann Kavli har nyleg flytta til Trondheim. På hagefesten lanserer ho si fyrste barnebok Alle må være glade. Boka passar for barn i alderen 6–9. Vi feirar både boka og at vi har fått ein ny forfattar i byen! I tillegg til opplesingane blir det barnebokquiz i hagen.

Årets hagegjest: Agnes Ravatn
Årets hagegjest Agnes Ravatn er kjent for å vera observant, frekk og morosam. Ho er forfattar, essayist og journalist. Romanen Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris. I år er Agnes aktuell med Operasjon sjølvdisiplin – ei sjølvhjelpsbok for dei som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker. Agnes er elles kjent som journalist i Dag og Tid. Ho var årets festspeldiktar ved Dei nynorske festspela 2014. Agnes vil bli intervjua av Kristin Fridtun som er forfattar og filolog.
Og så må det forteljast at ein av kattane i Adrianstua er oppkalla etter Agnes Ravatn – det blir altså eit etterlengta fyrste møte mellom forfattaren og katten Agnes Ravatn!

Årets  hagefestkunstnar: Tore Reisch
Tore Reisch er ein anerkjent skulptør og installasjonskunstnar som arbeider med tre og stein. I verka sine bruker han gamle handverksteknikkar og utfordrar måten vi tenkjer materialar på. På hagefesten blir vi kjent med ei anna side ved han: Tore er nemleg ein glimrande kokk! Med den same innstillinga som til kunsten sin lagar han tradisjonell trøndersk mat – og med element som gjer at vi ser rettane og råvarene på nytt. Under hagefesten skal han laga kvalbiff i kokegrop. Gropa skal gravast i hagen, og matlaginga blir ein performance. Alle får smake!

 

Feiring av nye bøker
Hagefesten feirar bokaktuelle midtnorske forfattarar med roser og champagne. Anne B. Ragde er ute med Jeg har et teppe i tusen farger, eit portrett av ei sterk og kompromisslaus åleinemor. Den historiske romanen Finne ly av Aina Basso er ei forteljing frå romanifolkets nære forhistorie. Handlinga foregår i Finnskogen i 1849. For Inn i elden vart Aina nominert til Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. Aina kjem frå Giske i Møre og Romsdal. Anna Kleiva kjem frå Vinstra, ho har skrive diktsamlinga Vårar seinare, ei diktsamling Klassekampens bokmeldar foreslo som pensum på trafikkskulane. Jørgen Brekke vil bli intervjua om krimromanen Doktor Fedrikis kabinett – ein ekte Trondheimsroman.
Av debutantar har vi med oss Tora Seljebø og Markus Lantto. Mange kjenner Tora som tidlegare avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Nå har ho debutert som forfattar med diktsamlinga Om kvelden blir namna ropa heim. Markus Lantto debuterer med romanen Bruken av gjedde. Markus er òg bildekunstnar, han kjem frå Sverige og bur i Trondheim.
Vi har òg gleda av å bli kjent med Johanne Kristiansen som har skrive årets beste masteroppgåve ved Humanistisk fakultet NTNU 2012/13. Trøndelag Teater presenterer teaterstykket Adrian Posepilt som er basert på tre bøker av Kristian Kristiansen – forfattaren som budde i Adrianstua.

Det blir hagequiz om mat.
Sal av mat, drikke og bøker. Ta med varme klede!

Velkomen til ein hage full av trivsel og kunst – under ein høg himmel!

Arrangør: Trøndersk forfattarlag, Adrianstua og Norsk Forfattersentrum
Støtta av: Trondheim kommune, Norsk Forfattersentrum Medlemsfondet, Forlaget Oktober, Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm