Velkommen til fest for Bente Bratlund!

Det er 40 år sidan Bente Bratlund debuterte som forfattar! De inviteres til bokfest, forfattarprat, poesi og marsipankake!

Bente Bratlund si varme forteljarstemme ber fram fine barnebøker, gripande dikt, tankevekkjande innspel og engasjerte utbrot med snert og humoristisk vemod.

Tankar om einsemd, sorg og tunge dagar – men også meiningar om livslyst, skapartrong, kjærleik og kunstnarglede. Bente skriv for barn og unge, om vaksenliv og alderdom. Ho er med i diktsamlingar og antologiar – og ho utfaldar seg til glede for mange følgjarar på Facebook og på blogg.

Kom og møt den engasjerte forfattaren når ho les dikt over temaet: «Øyeblikk på livsvegen – vandring i dikt gjennom 40 år», og fortel om den siste og «blodferske» barneboka si: «Svikta!»! Det blir ballongar, serpentinar, kaffi, kake – og kanskje til og med nokre overraskingar for den glade jubilanten!

Feiringa går føre seg i samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Folkeakademiet-Os og Os folkebibliotek.

kart