Skrivekurs med Ivo de Figueiredo

Bli med på kurs med Ivo de Figueiredo: Skrive for livet. Korleis bli ein god sakprosaforfattar

Skrivekurs med Ivo de Figueiredo

Bli med på kurs med Ivo de Figueiredo: Skrive for livet. Korleis bli ein god sakprosaforfattar

Ivo de Figueiredo er ein prislønna sakprosaforfattar, tidlegare leiar av Aschehougs sakprosaskole og har mange års erfaring med å halde skrivekurs. Denne kvelden vil han prate om dei grunnleggjande sidene ved å skrive litterær sakprosa, men òg gå konkret inn på grep og knep som kan hjelpe forfattaren til å skape om verkelegheit til litteratur. Kvelden vil bestå av foredrag, samtale og lesingar av kjente forfattarar sine tekstar.

NB: Kurset er flytta til Litteraturhuset i Trondheim, lokalet er Arvesølvet – folkekafeen på Trondheim folkebibliotek, inngang frå Kongens gate 2.

Påmelding til: Guri Sørumgård Botheim, guri@forfattersentrum.no
Påmeldingsfrist: tysdag 11. september
Kursavgift:
Medlemmer av NFFO eller Norsk Forfattersentrum: gratis / Ikkje-medlemmer: kr 900 (vi treng namn, e-postadresse og postadresse når du melder deg på).
Arrangøren spanderer kaffe/te. Kafeen held open til klokka 22, så etter kurset blir det moglegheit til å kjøpe seg drikke og slå av ein hyggeleg prat med forfattarkollegaer.

Informasjon om tilsvarande kurs i Oslo, Larvik, Bergen, Tromsø og Stavanger finn du her: Kalender

Les intervju med Ivo de Figueiredo her: Lenke her

Arrangør: Kurset i Trondheim er eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa