Skriveforum – helgekurs med Ingeborg Eliassen

Dette kurset i kreativ skriving passar for den som har lyst til å koma i gang med å skrive og for den som har skrive ei stund og treng eit puff vidare. Deltakarane vil bli betre kjent med seg sjølve som skrivande og oppdaga nye uttrykksmåtar.

På kurset får du oppgåver du skal svara på i løpet av kort tid. Når vi arbeider raskt, blir den indre kritikaren sett ut av spel. Mange blir meir kreative da. Å skrive er å formidle. Vi samlar inntrykk gjennom sansane våre. Kva sansar bruker du mest? Syn? Hørsel? Eller ein av dei andre sansane? Kva inntrykk er viktige for deg når du skal formidle noko vidare? Deltakarane les vanlegvis høgt det dei har skrive. Det er ingen tvang, men det er fint og lurt å dele med andre. Kursleiar er forfattar Ingeborg Eliassen. Ho har blant anna gjeve ut barnebøker og fått oppført ei rekkje skodespel. Ingeborg har brei erfaring som kurshaldar for folk i alle aldrar.

Praktisk informasjon
Varigheit: To dagar à fire timar
Tidspunkt: laurdag 24. og søndag 25. januar kl. 11.00–15.00 båe dagane
Stad: Norsk Forfattersentrum, Bakkegata 1A, Trondheim
Kursleiar: Ingeborg Eliassen
For ungdommar og vaksne
Kursavgift: 1400/1000 (ungdommar, studentar og honnør)

Fortløpande påmelding fram til 20. januar
Send e-post til: guri@forfattersentrum.no
Vi treng denne informasjonen: namn, alder, fullstendig postadresse, e-postadresse og telefonnummer.
Om du er student eller pensjonist, informerer du om det.

Spørsmål kan rettast til:
Avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
guri@forfattersentrum.no
Tlf. 21 09 57 70

Kursleiar Ingeborg Eliassen
ingeborg@andreakt.com
Tlf. 906 01 951

kart