Gilgamesh – Kongen som nekta å døy

Verdens eldste nedskrivne historie, no som eit fascinerande stykke fortelleteater. Gjendikta og spelt av Rolf Losnegård

Gilgamesh – Kongen som nekta å døy

Ein konge som nektar å døy?

Dette er den intense forteljinga om han som faktisk greidde det!

Den første og største av alle historier – alle historier si mor. Om ein mann så full av villskap, stryke, dristigheit og overmot at det set både Trump og Berlusconi i den djupaste skugge. Eit menneske som er overtydd om at han er halvt gud, halvt menneske. Som er fylt av den største og villaste av alle ambisjonar – å trasse døden og leve evig.

Høyrest kjent ut? «I’m gonna live forever…»

Denne fem tusen år gamle historia er faktisk så aktuell at blodet framleis dryp av den.

For kvifor vil Gilgamesh trasse døden?

Han er råka av den djupaste sorg - han har mista sin beste og einaste ven. Men korleis klarer han å trasse dødens lov?

Det får du vite ved å sjå framsyninga av forteljeteateret om Gilgamesh.

Rolf Losnegård er den som framfører og spelar forteljinga om Gilgamesh.

Rolf har eit nært personleg forhold til denne historia. Han fortel dette om bakgrunnen for teaterstykket:
Mitt forhold til Gilgamesh starta i 1966 på ei gate i London då eg som tjueåring, på jakt etter den kvinna eg elska, og som eg stadig er gift med – følte eg eit blikk i ryggen. Det var paperback-utgåva av eposet om Gilgamesh som stirde på meg frå eit bokutsal på fortauet. Sidan den gongen har eg aldri mista denne forteljinga av syne. M.a. har den vore grunnlag for ei dokketeaterframsyning på Agder Teater, ei bok med teksten til denne forteljeteaterversjonen.

Rolf er velkjend for publikum som dramatikar (Kinnaspelet osb), forfattar og regissør. No får du møte han som forteljar og skodespelar.

Regi og scenografi er ved Jeff Pedersen og illustrasjonane er laga av Fredrik Rysjedal. Framsyninga er produsert av Aldateateret.

Velkomen til eit møte med verdens eldste nedskrivne historie – stadig aktuell. Og svaret på kong Gilgamesh sitt store spørsmål: korleis få eit evig liv?

Litteraturhuset i Bergen 15. mai kl. 18.00 og 20.00 - Framsyninga varer i vel ein time.
Billetter kr 200.- kan kjøpes på Litteraturhuset i Bergen

Regi: Jeff Pedersen

Illustrasjonar: Fredik Rysjedal

Produsent: Aldateateret

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa