Forfattersamtalen: Kjartan Fløgstad og Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard og Kjartan Fløgstad møtast til samtale primært om Latin-Amerika, eit kontinent dei begge har stor kunnskap og interesse rundt. Slapgard er i vår aktuell med Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier (Samlaget 2018). Her går ho tett på Latin-Amerikas valdelege historie der særleg ordet «forsvinne» står sentralt. Forsvinningane har vore med på å skapa personlege tragediar og politisk splid.

Gratis og åpent for alle. Velkommen!

OM FORFATTERNE

Kjartan Fløgstad (f. 1944) debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad har skrive tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.

Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens pennEin biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset Dikterdronningen (2007).  Ho har gjort seg kjend med Latin-Amerika gjennom fleire tiår, ein verdsdel som er blitt del av hennar eige liv. I Eg har sett jaguaren: Latinamerikanske historier (2018) tar ho oss til El Salvador der døden er kvardag, inn i Colombias jungel til møte med FARC-geriljaen, og til Buenos Aires der bortførte barn nå dukkar opp tretti år etter militærdiktaturet

Arrangementsrekka «Forfattersamtalen» er i sin helhet et samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum og Deichman Majorstuen. 

kart